– Knarvik senter er for seint på banen

SNART I MÅL: Knarvikplanen er ute på andregongshøyring no, og går alt etter planen kan Jan Erik Hope og kommunestyret banka planen gjennom i juni. FOTO: Yngve Garen SvARDAL

SNART I MÅL: Knarvikplanen er ute på andregongshøyring no, og går alt etter planen kan Jan Erik Hope og kommunestyret banka planen gjennom i juni. FOTO: Yngve Garen SvARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Jan-Erik Hope har leia kommunen sitt arbeid med Knarvikplanen. Han seier Knarvik senter er alt for seint på banen med sine tankar.

DEL

– Det er ikkje realistisk å få stoppa planen no. Dei er for seint på banen, det er viktig å få Knarvik i gang no, seier Jan-Erik Hope (H).

Han er leiar i Plan og miljøutvalet i Lindås kommune og har leia arbeidet med Knarvikplanen.

LES OGSÅ: Knarvik senter vil utsetja Knarvikplanen

– Del av demokratiet

Han aksepterer senteret sine utspel som ein del av spelet.

– Dei har sin agenda og vil stoppa planen. Det er greitt, det er ein del av demokratiet, seier han.

Han viser til at det var Knarvik senter sjølve som ikkje ville vera ein del av kvalitetsprogrammet som Lindås kommune sette i gang med under arbeidet med planen.

– Dei ville ha ei detaljregulering på si tomt. Noko som ikkje vil gå fortare, då dei må tilpassa sine planar det som ligg i kvalitetsprogrammet, seier han.

– Men det er ikkje slik at dei vil få kjempeproblem med å etablera seg heller, legg han til.

Han seier dei har vore i møter med Knarvik senter, der senteret har komme med ein del innspel og påstandar.

– Me prøver å svara dei så godt me kan, og på dei påstandane som ikkje er rette, seier han.

Mange av forslaga som Knarvik senter legg fram, tykker han er gode.

– Dei er heller ikkje i strid med planen. Til dømes planane om å opna opp senteret er uproblematiske. Det vil vera kjempepositivt. Men me må ha ein offentleg gangakse som er utanfor private område, peikar han på.

LES OGSÅ: – Unfair av Knarvik senter

– Lite realistisk

Hope viser til at mangelen på ein slik gangakse var mellom dei tinga som dei fekk innvending frå Fylkesmannen på i førre runde.

Han seier at dei heller ikkje kan lova at Knarvik senter får bygga 10.000 rutemeter i tillegg til dei 30.000 rutemetra ein kan byrja på umiddelbart ifølge planen.

– Det er lite realistisk, seier han.

– Men eg ser ikkje på dei 30.000 rutemetrane som eit hinder, seier han.

For før ein kan ta i bruk nokon av dei 30.000 rutemetrane, må den ovale rundkøyringa på plass-

– Målet er at den skal på plass før dei 30.000 er brukt opp, seier han.

Som avisa Nordhordland skreiv om på onsdag, er det og skepsis blant utbyggarar til kva felleskostnadane kjem til å enda på. Hope seier dette er noko dei jobbar med å finna ut av no. Det går mellom anna på kva rolle Lindås kommune skal ta.

– Dette vil verta regulert når ein kjem i gang med utbyggingsavtalane, seier han.

Han seier det er mange måtar å løysa dette på. Hans ønske er at kommunen går inn med ein stor sum pengar.

– Då vert det likast for alle. Og når ein ser til Drammen, så ser ein at det lønner seg å investera i sentrumsutvikling, seier han.

LES OGSÅ: Utbyggar meiner kommunen må ta større del av kostnaden

Artikkeltags