Får fin fangst i Kvassnesstemma

Artikkelen er over 4 år gammel

Fiska opp 21 aure på nokre veker

DEL

Den friidretts- og handballglade ungjenta Elida Svellingen Svendsen frå Knarvik fekk brot i armen før påske, og måtte la idretten vera for ein periode.

Men den aktive jenta synest og at fisking er kjekt, og ho klarar å halda forsiktig i ei lita fiskestong.

– Dei siste vekene har Elida fiska 21 aure og 1 gullvederbuk i Kvassnesstemma som er full av bitevillig fisk. Fisken sløyer vi og koker til katten Milla som set stor pris på herleigheiten, fortel pappa Ørjan Svendsen.

Artikkeltags