1,5 mill flasker og boksar

STOLT FLASKESJEF: Håvard Rossland sørger for at alt går som det skal med panteautomatane. I snitt tar butikken imot 4800 flasker og boksar kvar dag.FOTO: Morten Sæle

STOLT FLASKESJEF: Håvard Rossland sørger for at alt går som det skal med panteautomatane. I snitt tar butikken imot 4800 flasker og boksar kvar dag.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: – No vart eg stolt, det er jo heilt utruleg, seier flaskesjef Håvard Rossland.

DEL

På flaskerommet er det han som sørger for at alt går som det skal. Og det er eit imponerande tal flasker og boksar som går gjennom systemet. I 2014 tok Rema 1000 Knarvik imot heile 1 498 613 panteflasker og boksar, noko som svarar til rundt 4800 einingar kvar opningsdag.

Utvendig flaskerom

– Vi har prioritert eit godt flaskerom, at det er utvendig trur eg har mykje å seia, då slepp kundane å dra med seg panteflaskene gjennom butikken, seier kjøpmann Tone Olsvoll Eide. Ho er nøgd med at dei får inn så mykje pant som tala frå fjoråret viser.

– Det er kjekt å vita at vi tar imot så mykje, panteordninga er eit viktig bidrag til miljøet, seier ho. Det store kvantumet krev sitt av logistikk, det er mykje å halda styr på for å få alt til å gå på skjener.

– Vi har ein person heile tida som har ansvar for flaskerommet gjennom heile opningstida, seier ho. Ein av dei er flaskesjef Håvard Rossland.

LES OGSÅ: Oi! Fjorten kroner og seks øre?

– Kjekk jobb

– Det er ein god del arbeid, men det er kjekt å jobba med, seier han, og er imponert over at dei er størst i fylket på pant.

– Det gjer meg stolt, det er jo heilt utruleg, seier han.

– Det er kanskje ikkje så mange som har to automatar, då slepp folk stå i kø med flaskene, seier han om kva han trur kan vera grunnen til at så mange pantar i nettopp denne butikken.

Hordalendingane panta nesten 90 millionar flasker og boksar i 2014, og er med det nest beste pantefylke i landet, berre slått av Oslo. Totalt panta nordmenn over 830 millionar gjenvinningsflasker og boksar, noko som er ny rekord.

Miljødugnad

– Panteordninga er ein stor miljødugnad som det norske folk er med på saman med daglegvarebransjen og produsentane. Det er difor ei positiv nyheit for miljøet at 2014 var eit rekordår, seier Randi Haavik Varberg, direktør for informasjon og marknad i Infinitum.

Sidan 1999 har Infinitum eigd og drifta panteordninga på gjenvinnbare drikkevareboksar og plastflasker med pantemerke.

Stor auke

I perioden 2010 til 2015 har det totale volumet flasker og boksar som samlast inn gjennom pantesystemet vakse med over 200 prosent. Forutan nordmenn sine gode pantevanar skuldast den store auken av innsamla pant at det har vore eit skifte i marknaden for drikkevareemballasje. Store produsentar som Coca-Cola og Ringnes har lagt om frå ombruksflasker til gjenvinningsflasker. Medan ombruksflaskene vart vaska og tappa på nytt, blir gjenvinningsflaskene samla inn, sorterte og resirkulerte i Infinitum sitt pantesystem.

– Forbrukarane har kanskje merka at flaskene har endra seg den siste tida frå hardplast til mjukare emballasje. Flaskene blir komprimerte i pantemas-kina framfor å bli stabla i bruskasser. På den måten tar flas-kene mindre plass under tran-sport. Det gir ein positiv miljøgevinst, fortel Haavik Varberg.

Artikkeltags