«Viktig melding – Lytt på radio!»

Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg i Knarvik, gamle Knarvik barneskule.

Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg i Knarvik, gamle Knarvik barneskule. Foto:

DEL

Onsdag klokka tolv testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – lytt på radio» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Sivilforsvaret testar kvart år varslingsanlegga i januar og juni. Signalet vert sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr i praksis at du skal søke informasjon i for eksempel radio, tv, kriseinfo.no og sosiale medium.

– I fredstid kan varslingsanlegga blant anna brukast ved industriulykker med etterfølgande utslepp av giftige eller farlege stoff. Mens i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier direktør Cecilie Daae i DSB.

I Nordhordland er det berre på gamle Knarvik barneskule det er montert eit slkt anlegg.

Varslingsanlegga er stort sett plassert i byer og tettstader, langs veg og jernbanelinjer kor det fraktast farleg gods, og ved verksemder som kan sleppe ut giftige eller farlege kjemiske stoff. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga.

Artikkeltags