Nordmenn betalar dyrt for lite på Netflix

Av

Får dobbelt så mykje for pengane i USA.

DEL

Netflix er ekstremt populært i Norge, men nordmenn betalar likevel dyrt for filmane og TV-seriane samanlikna med andre land.

78 land er med i den oppdaterte oversikta frå den britiske forbrukarnettstaden Comparitech. Konklusjonen er at norske Netflix-abonnentar har tredje høgast abonnementspris, men har berre Danmark og eit par andre land så vidt under seg når det gjeld kor mykje – eller kanskje heller lite – vi får igjen for pengane.

Grunnlaget for berekningane er tal frå søketenestene unogs.com og finder.com. Nettstaden har delt talet på tilgjengeleg titlar i kvart enkelt land på den månadlege abonnementsprisen for å fastslå kostnaden for kvar tittel per månad. Basiskostnaden per månad i dei forskjellige landa er også samanlikna.

79 prosent dyrare

I Norge er prisen for et basisabonnement 89 kroner, men titlane nordmenn kan velja mellom er relativt avgrensa samanlikna med ikkje minst USA. Ifølge oversikta har nordmenn 822 TV-seriar og 2.496 filmar å velje mellom – 3.318 til saman. I USA rommar biblioteket til saman 5.839 titlar.

Samanlikna med amerikanske brukarar, betalar nordmenn heile 79 prosent meir for sitt Netflix-abonnement når ein vurderer kostnaden opp mot talet på titlar. Kun Egypt, Iran og Danmark får mindre igjen for pengane enn oss nordmenn.

Sjølv om amerikanske kundar har størst bibliotek av seriar og filmar å velja mellom, er det likevel canadiarane som får aller mest igjen for pengane, ifølge oversikta.

Danmark på botn

Ser ein berre på abonnementsprisen er det aller billigast i Brasil med rundt 50 kroner. Nordmenn betalar elles 23,6 prosent meir enn gjennomsnittsprisen per månad. At utvalet altså er langt mindre enn i svært mange land gjer ikkje saka betre for norske forbrukarar.

Einaste trøyst for oss nordmenn får kanskje vere at danskane både har høgast månadspris og altså får aller minst igjen for pengane.

Ifølge eit anslag i ein studie frå Emarketer i sommar, bruker 62,4 prosent av norske TV-tittarar Netflix, så vidt slått av USA. Tala tar utgangspunkt i talet på personar som brukar straumetenesta via app eller nettsida minst ein gong kvar månad.

Artikkeltags