Stoppa fyllekøyrar i Masfjorden

DEL

Like før midnatt fekk politiet melding frå ei av ferjene over Sognefjorden at ein av passasjerane truleg hadde fyllekøyrd.

Det var mistanke om at han hadde lukta alkohol.

Mannen tok ferja frå Lavik til Oppedal og politiet vart varsla. Dei rykka ut frå Knarvik og stilte seg opp for å venta på han i Matre i Masfjorden.

– Det var heilt tydeleg at det lukta alkohol av han og at han var godt rusa, seier lensmann ved Nordhordland lensmannskontor, Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

Mannen i 40-åra vart tatt med til Knarvik for blodprøvetaking.

Han hadde heller ikkje førarkort, så det vert oppretta ei sak på det og, seier Vangberg.

Artikkeltags