Brannvesenet rykte ut til måse i naud

Måsen som vart redda fra sikringsveggen ser gjerne litt medtatt ut, men er i fin form.

Måsen som vart redda fra sikringsveggen ser gjerne litt medtatt ut, men er i fin form. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Like før 11 meldte brannvesenet at dei hadde rykka ut for å hjelpe ein måse som hadde satt seg fast bak eit rasnett ved Kvassnesvegen i Knarvik.

DEL

Ved veggen, som ligg rett ved E39 gjennom Knarvik, var Ole Vetås, Jan Tore Kolås og Voldemaras Ragauskas frå brannvesenet. Til stade var også Knarvik Dyreklinikk, og dei fortel at brannvesenet tok kontakt for å høyre om dei kunne sjekke at alt var bra med måsen.

- Han ser litt medtatt ut, men han har det bra elles, seier Maria Knarvik, som var ei av dei som var med frå dyreklinikken.

Fastklemt

På trass av at måsen hadde vore fastklemd inntil steinveggen, var han i fin form. Dette forsikra begge dei utsendte frå dyreklinikken seg om før dei slapp måsen laus igjen.

Dei fortel også om eit anna tilfelle dei nettopp hadde fått inn, kor ein måse gjekk rundt på Frekhaug med knekte vengar. At folk melder frå om slike ulukker også når det gjeld dyr, er noko dei begge er glade for.

Det heile enda med at måsen var i såpass fin form at dei kunne sleppa den fri igjen.

Artikkeltags