Hevdar næringslivet ikkje vil bygga i Knarvik

NEI: Knarvik senter hevdar «ingen» vil bygga i Knarvik dei næraste fem-ti åra.

NEI: Knarvik senter hevdar «ingen» vil bygga i Knarvik dei næraste fem-ti åra. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Knarvikplanen vart banka gjennom i kommunestyret torsdag. Men Knarvik senter meiner framleis planen er urealistisk.

DEL

Det var eit samla kommunestyre i Lindås som torsdag banka gjennom områdeplan for Knarvik, betre kjent som Knarvikplanen. Berre to representantar frå Framstegspartiet stemte i mot planen.

Men planen møter stor motbør hjå den største aktøren i Knarvik, Knarvik senter.

Kor er pengane?

–Planen  er tungt lagt på rekkefølgekrav og at grunneigarane skal bidra. Det er per no ingenting på kommunen sine budsjett til det, seier Ola B. Siverts i arkitektgruppen Cubus. Dei jobbar på oppdrag frå Knarvik senter.

No har dei gjennomført ei undersøking blant grunneigarane i Knarvik, og hevdar at det store fleiretalet ikkje har planar om å gjera noko dei næraste fem til ti åra.

– Ikkje ein gong dei det ligg godt til rette for har planar om å byrja å bygga, hevdar han.

– Det er berre Helsehuset som ser at ut frå reguleringsplanen kan dei byrja å bygga, seier han.

– Har de vore i kontakt med alle grunneigarane?

– I prinsippet har me vore i kontakt med alle. Dei me ikkje har vore i kontakt med på telefon, mail eller SMS har me tatt utgangspunkt i uttalingane deira i den  siste  høyringsrunden, seier han.

Totalt er det snakk om 28 grunneigarar. Av dei 28 eigedomane i oversynet, eig ulike medlemmar av Vatnøyfamilien om lag 10 av eigedomane – åleine eller i sameige med andre.

Av dei 28 skal altså Helsehuset byggast ut, og Reikerås eigedom seier det planen ikkje er til hinder for investeringar om dei vil. Eigarane av ICA-tomta har dei ikkje fått fatt i.

Som i mars, dreg Siverts fram  at  det  kan   lagast  ein  offentleg akse  gjennom    Knarvik senter. Dei meiner den planlagte almenningen bør ta ein knekk ned mot senteret, dei vil etablera ein gangakse gjennom senteret som skal vera døgnopen og dei skiserte moglegheiter for eit torg og for eit kulturhus i samband med parkering og næring.

«Komplisert og skrivebordsprega»

Han meiner Lindås kommune har laga ein alt for «komplisert og skrivebordsprega» plan.

– Målsetjinga er god, men ikkje måten planen er skrudd saman på, seier han.

Han meiner hovudtiltaka ikkje må vera knytt til kompliserte rekkefølgekrav.

– Det er lagt opp til kompliserte bygg som det ikkje er marknad for, hevdar han og peikar på krava om kontorarbeidsplassar i bygga.

Han er og skeptisk til storleiken på det heile.

– Å bygga 130.000 rutemeter  i  Knarvik  heng  ikkje  på greip, seier han   og viser til at dagens Knarvik  senter  er ikkje  på meir   enn  44.000 rutemeter.

Siverts og Knarvik   senter    møter   stor   motstand  hjå  politikarane   i  Lindås.

– Nokon av grunneigarane har ikkje planar om å investera, for dei har planar om å selga til andre som kanskje vil investera. Så slik vert gjerne denne undersøkinga vanskeleg å tolka, seier Ingrid Hindenes (UAV).

Ho viser til mellom  anna  giganttomta til WesternGeco, som har ei relativt usikker framtid med tanke på kva som skal skje der i åra framover.

– Det er ei stor endring å endra seg frå Knarvik senter som er tettstaden i dag til det vert ein by. Den endringa gjer du ikkje utan at det vert motstand. Og den motstanden må me som politikarar tora å møta og ikkje la oss leda ut i slike diskusjonar, seier  Halvard Rydland (H).

Signalbygg

Han seier dei  må  stå stødig og ha tru på det.

– Det er eit breitt politisk fleirtal for dette. No må me ha krafta som gjer at me får implementert det, seier han.

Leif Sleire (KrF) peikar på at Knarvik  skal ikkje  endra  seg  i  morgon, men  at det er ein  plan   ein   må  sjå  i eit 40-årsperspektiv.

– Helsehuset vert eit signalbygg i Knarvik og er eit steg i den retningen. Eg har tru på at me skal få til dette her. Så får me sjå på om eigarstrukturen endrar seg etterkvart,  seier han.

Han meiner det ligg ein god plan i botnen no.

– Så får  den leva litt og me får sjå om den verkar. Så får me gjera små justeringar i takt med korleis dette går. No er det viktig å komma i gang, sluttar han.

Artikkeltags