Knarvik kyrkje fekk orgel til fem millionar: – Vi er heilt overvelda

KLAR FOR FESTKONSERT: Sopran Kjersti Wiik og orgelkonsulent og kantor Karstein Askeland er to av dei som skal bidra til vigselskonserten for det nye orgelet (bak) i Knarvik Kyrkje på søndag.

KLAR FOR FESTKONSERT: Sopran Kjersti Wiik og orgelkonsulent og kantor Karstein Askeland er to av dei som skal bidra til vigselskonserten for det nye orgelet (bak) i Knarvik Kyrkje på søndag. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette orgelet er ei gåve til både gammal og ung – til alle som lever no og den framtidige generasjon. Denne gåva står seg i hundrevis av år.

DEL

Det seier kantor Odd Leif Mjøs, som er heilt overvelda over gåva frå Trond Mohn. Det er nemleg han som har betalt for Knarvik Kyrkje sitt splitter nye orgel, som har ein prislapp på 5 millionar kronar.

– Det er ein heilt fantastisk gåve, som varar i verdi og står seg i hundrevis av år, seier Mjøs.

Orgelet er det største i heile Nordhordland.

– Eg håper også det er det beste, seier Mjøs med eit smil.

LES OGSÅ: - Himmelsk akustikk

Vigslast på søndag

Søndag skal kyrkjeorgelet vigslast og takast i bruk for første gong, først ved biskopen si gudsteneste, og deretter vert det ein stor konsert på kvelden.

– Eg håpar mange er spente på å høyra det nye orgelet og vil delta på den store festdagen, seier Mjøs.

Orgelkonsulent og kantor i Mariakirken, Karstein Askeland, Nordhordland si songstjerne, sopran Kjersti Wiik og Torstein Holmås, som tidlegare spelte eb kornett i Eikanger-Bjørsvik Musikklag skal bidra til festkonserten søndag kveld, og dei er godt i gong med øvinga.

– Det er alltid spanande med nye orgel i nye rom, og kjekt med innvielsesprosjekt – då kjem det masse folk, og alle er spente. Kyrkja har vorte veldig god for orgelklang, seier Askeland, som allereie har spelt ein del på orgelet for å vera førebudd til søndagens vigselskonsert.

– Denne veka er sett av til øving, seier kantoren, som speler på store konsertar i både inn- og utland.

LES OGSÅ: Gigantisk puslespel i Knarvik kyrkje

– Grådig kjekt

– På ein slik konsert prøver vi å visa forskjellige sider ved orgelet, seier Wiik, som synest det var kjekt å få spørsmål om å synga på konserten.

– Det var grådig kjekt å få utfordringa. Eg har sjølv sete i soknerådet dei siste fire åra, så eg har vore med i prosessen på å få opp Knarvik kyrkje. Det har vore kjekt å sjå av ting veks seg fram. Då vi fekk ja frå Trond Mohn for pengar til orgel var det utruleg mykje som losna for det vidare menighets- og konsertarbeidet og bruken av kyrkja, seier Wiik, som sjølv har ei mor som var organist.

– Etter at løparen og orgelet kom på plass har akustikken vorte mykje betre. No er det veldig godt å synga her, seier Wiik, som gler seg til konsert.

LES OGSÅ: Kamilla er symbolet på den nye kyrkja i Knarvik

Artikkeltags