Consto skal byggja Nordhordland Helsehus til 300 millionar kroner

Slik skal det nye helsehuset i Knarvik bli sjåande ut.

Slik skal det nye helsehuset i Knarvik bli sjåande ut. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det enorme helsehuset i Knarvik skal stå klart i november 2020.

DEL

Consto startar bygginga av Nordhordland Helsehus i Knarvik, Lindås kommune i Hordaland i august med ferdigstillelse november 2020. Totalentreprisekontrakten er på ca. 300 mill. kroner eks mva. Helsehuset har et bruttoareal på 16 824 m², kor 3 594m2 parkering.

Arkitekt er Link arkitektur AS.

– Som det framgår av namnet blir dette eit helsebygg med mange funksjonar som, legevakt, ambulanse, fysioterapi, ergoterapi, dialyse, hudspesialist, BUP, barnevern med meir, opplysar dagleg leiar i Consto Bergen, Arve Sande.

Leigetakarar er Helse Bergen, Fylkestannlegen i Hordaland, kommunane i Nordhordland og Alver kommune. Før det bygningsmessige arbeidet settast i gong, skal eksisterande busetnad sanerast, og det skal gjennomførast eit omfattande grunnarbeid.

Satsar på offentlege prosjekt

Consto Bergen har dei siste åra hatt stor suksess med fleire offentlege byggeprosjekt. I 2017 vart Luranetunet omsorgssenter overlevert. No er selskapet i gong med Familiens Hus, eit helsehus på Osterøy, Os idrettshall og Dale barne- og ungdomsskule.

– Det er eit interessant perspektiv at prosjekt som helsehuset i Knarvik har stor samfunnsnytte, ikkje uvesentleg for oss i byggenæringa det heller, seier Constos Arve Sande.

Artikkeltags