Feira 50 år sidan første uteksaminering frå Lindås gymnas

12. august 2018, kl. 18:09

Laurdag 11. august samla 37 tidlegare elevar ved Lindås gymnas seg på det som i dag er Knarvik vidaregåande skule. Der minnast dei svunne tider med storfint besøk frå ordførarane frå Lindås, Meland, Radøy, Austrheim og Masfjorden, som alle talte om korleis dei 37 hadde vore pionerar for eit prosjekt som i ettertid har vist seg å verte svært vellukka. Det er i 2018 50 år sidan dei var russ og vart uteksaminert frå gymnaset, som i dag har vakse seg så stort at det kjempar i fylkestoppen om å vere den mest populære skulen blant unge. – Ein god skule er viktig for at vi skal klare å halde på ungdommane som er ressursar for oss, seier ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes.