Brannstiftar tatt for toalettbrann på Knarvik VGS

Brann på jentedoen på Knarvik VGS

Brann på jentedoen på Knarvik VGS (Foto: )

Sette fyr på dametoalettet under gudsteneste.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Ein mann i 40-åra er tatt av politiet, mistenkt for å ha sett fyr på dametolaettet på Knarvik vidaregåande skule, søndag. Det stadfestar lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor til avisa Nordhordland.

– Det er etterforsking og opplysningar som gjer at han er mistenkt, seier Vangberg, som ikkje vil seia noko om korles dei kom på sporet av mannen.

Mannen vart arrestert heime hjå seg sjølv søndag og plassert i arresten i Bergen. Måndag skal han i avhøyr.

– Er han og mistenkt for den førre brannen på Knarvik VGS?

– Me ser likskapen og vil prøva å sjå begge brannane i samanheng, stadfestar han.

Mannen i 40-åra er tidlegare sikta og mistenkt i fleire brannar i Nordhordland, også større brannar.

Vangberg seier dei ser alvorleg på brannstifting.

– Det kan verta store materielle skader om ein ikkje får sløkt brannen. Folk kan også komma til skade i samband med slike brannar, seier han.

Ny toalett-brann på Knarvik VGS: – Ikkje usannsynleg at brannen var påsett 

Vangberg er glad varslingssystemet på skulen har fungert begge gongene det har vore brann på skulen dei siste vekene.

– Det er bekymringsfullt at slikt skjer om me må hindra og førebygga at slikt skjer, sluttar han.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Tatt i 129 km/t i 70-sona på E39 

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags