Gå til sidens hovedinnhold

Knarvik Vgs i internasjonalt samarbeid med skule i Hamburg. – Vi lærer mykje, og får mange nye venner

Artikkelen er over 2 år gammel

Den vesle teknologi- og forskingslæreklassen (TOF) ved Knarvik vidaregåande skule har gjennom eitt år hatt eit samarbeidsprosjekt (Erasmus + project) saman med ein tysk skule i Hamburg. For avisa Nordhordland deler dei sine erfaringar.

Førre skuleår laga tyske og norske elevar kraftverk som produserer fornybar energi, som til dømes vasskraftverk og vindkraftverk. Den norske klassen var spente då dei reiste til Tyskland i fjor, og alle kraftverka blei testa. Dei blei også kjend med alle dei tyske elevane. Dette skuleåret var fokuset retta mot lagringseiningar som skal lagre den fornybare energien kraftverka produsera, og ved hjelp av programmet arduino kan dei følga med på diverse målingar medan kraftverka produsera straum. I februar dette året var det tyskarane som kom til Noreg.

Teknologi- og forskingslæreklassen består berre av åtte elevar; Hanna Wiig Erikstein, Alrik Frost, Ane Nævdal Hauge, Solveig Kvamme, Erlend Molvik Larsen, Thilde Britu Marås, Astrid Hao Rønhovde og Rebekka Vabø. I tillegg er det dei to lærarane Tor Helge Opdahl og Jo Magnar Drønen. Klassens erfaringar er at dette var lærerikt, utfordrande og mykje moro.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Les også

Jakob (18) fortel om korleis det er å ha epilepsi: – Ein kan ikkje leva likt som alle andre

– Lærar mykje

– Det har vore eit prosjekt kor me har lært mykje undervegs, seier Erlend.

Det har ikkje alltid vore lett å vete kva dei eigentleg skulle kome fram til, og det har vore mykje prøving og feiling. Hanne seier seg einig i dette:

– Me har lært mykje, men også bomma. Det har vore meir praktisk enn kva me er vande til på studiespesialiserande. I teorien hadde me gode og velfungerande planar, men i praksis fungerte dei ikkje alltid like bra.

Ein lærar mykje av å jobbe med ting i praksis framfor å berre tileigne seg kunnskap om den faglege teorien. Etter slikt arbeid får ein mange gode erfaringar ein kan ta med seg vidare.

– Til andre tilsvarande praktiske oppgåver har me no eit bilete av korleis me skal ta tak i det, seier Alrik.

Nytta engelskkunnskapane

Når ein skal jobba saman på tvers av landegrenser må engelsk nyttast i dei aller fleste tilfelle. I tillegg trengst det plattformer der ein digitalt kan halda kontakten medan ein ikkje er i lag, noko som kan vera utfordrande. Videokonferansane som blei nytta klarte ikkje å yta slik at ein både høyrde og såg kvarandre heile tida, noko som gjorde kommunikasjonen vanskeleg.

– Slike prosjekt stiller sterke krav til at kommunikasjonsplattformene verkar. Det var eit stort problem at det ikkje fungerte slik det burde. Samarbeid på tvers av land er kjempeflott, men ein må bli flinkare på å få til kommunikasjonen, seier lærar Jo Magnar.

Både tyskarane og nordmennene måtte leggje morsmåla sine til sides under dette prosjektet, og finne fram engelskkunnskapane sine. Fleire lærte både litt tysk og meir engelsk under prosjektet.

– Me lærte meir teknisk engelsk, fortel Ane.

Klassen trur det hadde vore vanskelegare viss elevane dei samarbeidde med hadde vore frå eit engelsktalande land. Deira engelskkunnskapar hadde vore på eit høgare nivå enn dei norske. Ved å samarbeide med tyskarar hadde alle på eit nokså likt ordforråd.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Les også

Jack frå Austrheim vann krevjande sveisekonkurranse

Oppfordrar til fleire samarbeidsprosjekt

– Skular burde tilby fleire samarbeid som dette i den grad det er mogleg å få til. Ein kjem i kontakt med andre menneske, blir kjende med dei og lærar mykje av å jobba saman med andre, meiner Alrik.

I tillegg oppfordrar TOF-gjengen andre elevar til å ta den sjansen dei får til å reise i skulesamanheng. Ein lærar veldig mykje av det, og får mange nye vennar. I tillegg fortel Jo Magnar at etter slike erfaringar blir det lettare å få kontakt med framande i ettertid, fordi ein er ikkje like redd for å bli kjend med nye menneske.

Elevar og lærarar oppfordrar andre som skal i gong med internasjonale prosjekt om å ikkje vera nervøse, og at det er lettare å berre hoppe i det når ein skal snakka med nye menneske. Ein må ikkje vera redd for å ta kontakt, fordi det er greie folk ein kjem til å bli kjend med.

Kommentarer til denne saken