960 elevar på Noregs største stafett: - Dette er noko av det kjekkaste

08. mai 2019, kl. 12:00

Tysdagsformiddag vart Tinestafetten arrangert for 26. året på rad. På Knarvik stadion møtte 960 elevar frå 25 skular, og sjølve Tinestafetten hadde over 110.200 deltakarar på landsbasis. Stafetten er Noregs største. – Dette er noko av det kjekkaste me gjer. Det er så mange ungdommar som har det kjekt, seier dagleg leiar i KnarvikMila, Eddie Ebbesvik. 9B på Knarvik ungdomsskule stakk av med sigeren med ein tid på 4.01.71. Rett etter kom Radøy ungdomsskule med tida 4.04.32.