Sjå vår store bildeserie frå Bondens dag i Knarvik!

01. oktober 2018, kl. 10:20

Det var reine folkevandringa til Bondens dag i Knarvik senter laurdag. Sjeldan har det vore fleire to- og firbeinte samla her enn denne gongen. Her vart dei finaste verlamma mønstra og kåra i «politigarasjen». I senteret var det mange som fekk med seg Marius Hindenes si imponerande bruk av sauesaksa, og etterpå vart ulla karda og spunne til garn etter alle kunstens reglar. Dei yngste garde kunne kjøra minitraktor utan hestekrefter, eller innta dei store kjøredoningane med stor iver. På stands vart det bydd fram lokalprodusert mat og varer, og det var mogleg å få seg ein fårikål-middag. Både senterleiaren og Lindås og Meland Geit og Sau var strålande fornøgd med frammøtet og opplegget. - Dette må bli tradisjon, var gjennomgangsmelodien.​