Kitch'n kjøper konkursbuet til Tilbords-kjeden

Konkursbuet etter Tilbordskjeda er kjøpt opp av Ktich'n. Dei vil at Tilbordsbutikkane skal fokusera meir på kjøkken og interiør. Om franchisane vil leva vidare, er avhengig av den enkeltes franchises økonomi.

Konkursbuet etter Tilbordskjeda er kjøpt opp av Ktich'n. Dei vil at Tilbordsbutikkane skal fokusera meir på kjøkken og interiør. Om franchisane vil leva vidare, er avhengig av den enkeltes franchises økonomi. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei nye eigarane vil kvitta seg med ulønnsame butikkar.

DEL

Konkursbuet i Tilbords har overdratt alle eigedelar, franchisekontraktar og enkelte leigekontraktar til Kitchn Holding og Dalema as, med høvesvis 60 og 40 prosent eigardel, ifølge ei pressemelding tysdag.

Tilbordskjeda består av 105 butikkar på landsbasis, kor ein er i Knarvik og 23 er i Bergen.

I pressemeldinga vert det opplyst det at Tilbords skal dyrkast vidare som ei kjøkken- og interiør-kjede, mens Kitch'n skal behalde og utvikle sin posisjon.

– Vi har vore med i ei bodrunde og kjøpt dette til marknadspris, ved at vi hadde det høgste bodet, seier dagleg leiar Odd Sverre Arnøy i Kitch'n.

Tilbords-kjeda vart kjøpt opp av eigarane i Kitch'n i november 2017. 19. februar 2018 vart det kjent at eigarselskapet melde oppbod i bergenskjeda.

Årsaka til at eigarselskapet valde å attrå oppbod så kort tid etter overtakinga er tap og nedskrivingar i balansen blir verre enn venta, forklarer Arnøy.

– Nokon har spekulert i at vi gjekk inn i selskapet for å legge det ned. Nå har vi bevist det motsette ved å vinne konkurransen om konkursbuet, og er på fullført mot å reetablere Tilbords.

Flyttar 35 arbeidsplassar

Som ein del av reetableringa vil de nye eigarane kvitte seg med ulønnsame Tilbords-butikkar.

Blant Tilbords' 23 butikkar som er drevet av kjeda, ventast mellom seks og åtte butikkar å bli nedlagt.

Nokon butikkar er allereie bestemt at skal leggast ned, mens andre vert vurdert om skal leggast ned.

I enkelte tilfelle har eigarselskapet bestemt å ikkje ta over leigekontraktane frå konkursbuet.

Kva butikkar som vert lagt ned eller står i fare for å bli lagt ned, vil ikkje Arnøy gå ut med enno.

– Vi har ikkje informert dei tilsette enno, og kan difor ikkje gå ut i pressa med kva butikkar det gjeld, seier Arnøy.

I tillegg vert kjedekontor og grossistlager flytta frå Bergen for å samlokalisera desse med Kitch'n og Dalemas eksisterande anlegg. Det betyr at kjedekontoret vert flytta til Sandnes, mens grossistlageret vert flytta til Bryne.

I alt har det vore 35 tilsette ved kjedekontoret og grossistlageret. Av desse fortel Arnøy at 15 tilsette vil bli tilbode å flytta til bedriftas nye kontor.

– Dei andre tilsette vil bli følgt opp med ekstern rådgiving og god karriererettleiing, så det er eit oppbackingsystem for alle tilsette, seier Arnøy.

Inntil 50 butikktilsette kan mista jobben

Av Tilbords 105 butikkar, er 82 av dei drevet som franchisar, mens 23 drivast av kjeda. I Bergen er fordelinga 7 franchisar og 6 som er drevet av kjeda. Butikken i Knarvik er franchise.

Det er først og fremst butikkane som er drevet av kjeda som vert vurdert lagt ned sentralt. Om franchisane vil leva vidare, er avhengig av den enkeltes franchises økonomi.

Arnøy fortel at det i kvar butikk stort sett jobbar to årsverk. Eit av dei er ei heiltidstilsett butikksjef, mens det andre er fordelt på fire-fem deltidsstillingar.

Det vil seia at dersom mellom seks til åtte butikkar vert lagt ned er det mellom 30 og 50 tilsette som mister jobben.

– Dei vil sjølvsagt vera velkomne til å søka på ledige stillingar i andre Tilbords-butikkar, seier Arnøy.

For butikkane som blir drevet vidare, spår Arnøy ei lys framtid.

– Dei vil bli drevet vidare i ein kostnadseffektiv organisasjon som gjer at Tilbords vil stå kjempesterkt i konkurransen framover.

Artikkeltags