Går mot rekordomsetting for Knarvik senter

KONKURS: Butikkane på kvar si side av denne gangen har begge gått konkurs siste tida. Leikebutikken opna att denne helga. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL L

KONKURS: Butikkane på kvar si side av denne gangen har begge gått konkurs siste tida. Leikebutikken opna att denne helga. ALLE FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL L

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Me har hatt sjanse til å leiga ut Fargerike-lokala fleire gonger det siste året, men har vald å ikkje gjera det.

DEL

Det hevdar Olav Kåre Vatnøy. ein av eigarane av Knarvik senter.

Sidan midten av januar har dei store lokala midt i Knarvik senter stått tomme.

– Me vil beskytta dei leigetakarane som alt driv i senteret. Det er rundt 50 lokale drivarar, mange av dei treng den omsettinga dei alt har, seier Vatnøy.

Han seier til avisa Nordhordland at deira tanke har vore at om dei får inn ein ny leigetalar i ein eksisterande bransje, vert det fort ein inn og to ut, seier han.

LES OGSÅ: Motorsenteret er konkurs

– Overetableringar

Men dei er i ferd med å gå litt vekk frå den tankegangen no.

– Det kan godt henda me skriv leigekontrakt med butikkar som er i konkurranse med eksisterande butikkar. Det er ikkje med lett hjarta, men me kan ikkje la det stå tomt i mange år, seier han.

Han viser og til stor konkurranse frå Åsane, mellom anna med etableringa av det nye kjøpesenteret Horisont før jul 2014 og det han kallar overetableringar i marknaden på hi sida av brua.

LES OGSÅ: Avisa Nordhordland på plass i nye lokale

Tøff konkurranse

– Går det dårleg der borte påverkar det næringslivet i Knarvik, seier Vatnøy.

Vatnøy meiner også at Knarvikplanen spelar ei rolle når det kjem til mangel på nyetableringar, då han meiner den ikkje skapar optimisme, men redsel for meir overetableringar.

–Men har Knarvikplanen noko relevans til at det står tomt i Knarvik senter?

– Knarvikplanen seier at det skal koma eit nytt forretningssenter i Knarvik. Og den gjer interessentar redde for overetablering i ein liten marknad som den i Nordhordland, hevdar han.

Vatnøy seier dei har vore i kontakt med fleire kjeder, der den norske leiinga har tent på ideen om å etablera seg i Knarvik.

– Men overetablering i Åsane påverkar moglegheitene til nyetablering i Knarvik, seier Vatnøy.

Årsaka er at Nordhordland vert sett på som ein naturleg del av Åsane sitt marknad.

LES OGSÅ: Ullbyen – den varme framtidsbyen

Konkursar

Den siste tida har det vore to konkursar blant butikkane i Knarvik senter. Både Motorsenteret og Yes, vi leikar gjekk over ende i oktober.

– Eg tykker det er leit at dei kjem hit, men ikkje klarar seg etter så kort tid, seier senterleiar Åge Torsvik.

Yes! Vi leker hadde vore i senteret i to år, medan Motorsenteret hadde vore der eit år før dei slo seg konkurs.

Leikebutikken vert erstatta av ein ny leikebutikk, alt til helga.

– Eg har tru på at det er behov for ein stor leikebutikk der oppe, seier Torsvik.

Han seier at 2015 har vore eit veldig bra år for Knarvik senter.

– Me har hatt ein vekst på rundt ni prosent så langt, seier han.

LES OGSÅ: Hevdar næringslivet ikkje vil bygga i Knarvik

Stor vekst i 2015

Held tala seg ut året, styrer dei mot ei omsetting på 660–670 millionar kroner i 2015. Det til trass for at Fargerike sin butikk forsvann i januar.

– Vinmonopolet og Meny har gjeve oss ein stor omsettingsvekst, seier han.

Torsvik seier at opninga av Horisont kjøpesenter i Åsane har tørka vekk marknaden for nyetableringar i den nordlege delen av Bergen.

– Men potensialet i Knarvik er stort. Men då må me få stoppa trafikken til den andre sida, seier han.

– Kva butikkar kunne du tenkte deg inn i senteret?

– Eg vil ha fleire spiseplassar. Det viser alle trendar at me går meir ut og et. Men eg vil og ha fleire ungdomsbutikkar, sluttar han. Les meir om konkursane på nordhordland.no

Artikkeltags