Turgåing gav sykkelglede

Sykkelglede: Kim Storsæter (8) visar stolt fram sine nye sykkel.Foto: Øyvind Bjerkestrand

Sykkelglede: Kim Storsæter (8) visar stolt fram sine nye sykkel.Foto: Øyvind Bjerkestrand

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

For unge Kim (8) gav ivrig turgåing ekstra avkasting.

DEL

– Sykkelen var veldig flott, seier den unge premievinnaren med DBS-gliset i hendene utanfor Atleten i Knarvik Senter.

Knarvik Idrettslag har dei siste åra lokka med attraktive premiar for å få barn og unge ut på tur. Onsdag fekk Kim Storsæter (8) ta imot ein splitter ny sykkel som premie for aktiv turgåing.

– Dette er nesten som å vinna i lotto, seier ein stolt pappa, Karstein Storsæter, som er med sonen og hentar den nye sykkelen med både støytdemparar og 21 gir.

Det siste året har Knarvik Idrettslag delt ut poeng for turar til Gamleskulen (1 poeng) og Indregardsfjellet (2 poeng).
Alle under 16 år med meir enn 30 poeng var med i trekninga om ein sykkel premiert av Idrettslaget og Atleten i Knarvik.

No er unge Kim klar for å ta raceren i bruk.

– Eg skal sykla kjempefort, seier Kim.

– Ikkje for fort, svarar pappa raskt.

Vil få unge ut

– Føremålet med konkurransen er å motivera barn og unge til å komme seg ut i naturen og ut på tur, seier Grethe Midtgård Haaland som sit i styret i Knarvik Idrettslag.

– Det var rett nok berre fire barn som hadde over 30 poeng, men det er meir enn 500 barn som har vore ute på tur og samla poeng i turbøkene det siste året. Det er vi veldig godt nøgd med, seier Midtgård Haaland.

Mange premier

I tillegg til Kim som vann sykkel så vart det trekt ut 12 andre vinnarar blant dei som har vore med ut på tur dei siste åra. Dei vann alt frå fotball til lommelykt. I tillegg vart det delt ut premie til den med flest oppsamla poeng. Det vart Sevilda Bø Korneliussen som fekk eit gåvekort frå Knarvik senter.

Her er liste over årets vinnarar:
Sykkel Kim Storsæter
gåvekort Knarvik Senter -
Sevilda Bø Korneliussen
gåvekort Vannkanten - Henrik Reigstad
gåvekort Baluba - Edvard Li
gåvekort Bowling - Simon Lie
fiskestong - Lukas Villanger
fotball - Juvikstølen barnehage
fotball - Ingvil Fagna
handball - Silje Albrechtsen
crocketspel - Hannah Varøy
lommelykt - Andrea Thorsheim
lite telt - Juvikstølen barne-hage - uforskaren
speidarkniv - William Sletten-Hansen
gåvekort - William Sletten-Hansen

Artikkeltags