Motorsenteret er konkurs

Konkursar i Knarvik senter. Både Motorsenteret og Yes, Vi leker gjekk konken i oktober.

Konkursar i Knarvik senter. Både Motorsenteret og Yes, Vi leker gjekk konken i oktober. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

To konkursar på kort tid i Knarvik senter.

DEL

– Det vart alt for dyrt å driva i senteret, og det var mindre kundar der oppe enn kva det var på nedsida av vegen, seier Bjarne Emil Titland, dagleg leiar i Motorsenteret AS.

– Det var ikkje mogleg å driva lenger, seier han.

I slutten av oktober var dei nøydde til å slå seg sjølve konkurs med ei skuld på 6,2 millionar kroner.

– Stor gjeld

– Bankar og leverandørar må bu seg på å ta tap eller å ikkje få noko som helst, seier bustyrar, advokat Egil Horstad til avisa Nordhordland.

Han seier at det mellom anna er 2,4 millionar kroner i leverandørgjeld.

– Banken har pant i varelageret. Varelageret vert seld, og banken tek alt ein sit igjen med etter det, seier Horstad.

Det var totalt fem tilsette i selskapet. Tre av dei frå familien Titland, samt to eksterne tilsette, som no står utan arbeid.

Motorsenteret har eksistert sidan år 2000, då det var etablert i Haugland-bygget. Dei siste åra var dei plassert i det gamle Rema 1000-bygget i Knarvik, før dei i midten av oktober i fjor flytta opp til Knarvik senter.

Eit år seinare er dei altså konk.

Men dei gjer seg ikkje.

– Me kjem til å starta ny butikk, seier Titland.

Planen er å etablera seg i Reikerås-bygget, og dei håpar å vera på plass ut i neste veke.

– Det vert ein monaleg mindre butikk med meir fokus på deler og spesialgreier, seier Titland.

– Det vart for tøft

Også leikebutikken Yes! Vi leker har slått seg konkurs siste månaden.

– Det vart for tøft å driva i senteret. Det var for mykje utgifter og for lite inntekter, seier dagleg leiar Torbjørn Berge til avisa Nordhordland.

Konkursar i Knarvik senter. Både Motorsenteret og Yes, Vi leker gjekk konken i oktober.

Konkursar i Knarvik senter. Både Motorsenteret og Yes, Vi leker gjekk konken i oktober. Foto:

Han seier at konkurransen frå den nye Ringo-butikken og det nye Horisont-senteret i Åsane vart for stor for han.

Bustyrar Roald Angelfoss seier at gjelda var på rundt ein halv million kroner.

– Verksemda vart avvikla før den vart slått konkurs, seier bustyraren.

– Alt verkar ryddig, rekneskapane er à jour og det ser ut som om det handlar om manglande omsetnad og høge senterkostnader, seier Angelfoss.

Det jobba seks tilsette i butikken på heil og deltid. Desse står no utan jobb, sjølv om det frå fredag av vert ny drift i butikken.

Då overtek søstrene Cesilie Dyrdal og Jannike Stendal Dyrdal drifta.

– Leiker er jo gøy

– Alle har lyst til å driva noko eige. Då dette dukka opp var det ein moglegheit eg ikkje kunne legga frå meg, seier Cesilie til avisa Nordhordland.

– Og leiker er jo gøy, seier ho med eit smil.

Det var søstera Jannike som foreslo at dei skulle starta butikk saman. Cesilie jobbar i dag på ein leikebutikk på Lindås. Ho kvir seg ikkje for å starta, sjølv om dei har ein konkurrent berre nokre meter unna i Ringo-butikken.

– Eg trur det skal gå heilt fint å ha ein konkurrent, seier ho.

I byrjinga vert det berre dei to søstrene som skal jobba i butikken, pluss hjelp frå familien.

– I byrjinga vert det berre oss, men målet på sikt er å ha fleire tilsette, sluttar ho.

Artikkeltags