Kristin (45) vann båt til 170 000 kroner – trekt ut blant 4000

Vann båt: Politikontakt Svein Arne Hatlevik stod for trekninga, med senterleiar Åge Torsvik som vitne. Den heldige vinnaren vart Kristin Goverud som nesten ikkje kan tru det er sant. – Dette er heilt fantastisk, seier ho.

Vann båt: Politikontakt Svein Arne Hatlevik stod for trekninga, med senterleiar Åge Torsvik som vitne. Den heldige vinnaren vart Kristin Goverud som nesten ikkje kan tru det er sant. – Dette er heilt fantastisk, seier ho.

Av

Knarvik senter lodda ut éin heldig vinnar av ein båt verd 170 000 kroner. Kristin Goverud frå Fosse i Meland gjekk av med sigeren.

DEL

I overkant av 4000 personar melde seg på i konkurransen om båten, som ein må vera medlem i kundeklubben til Knarvik senter og ha handla i fire ulike butiikkar for å delta.

For å syta for at alt gjekk greitt for seg, tok politikontakt Svein Arne Hatlevik på Nordhordland lensmannskontor seg av trekninga, før senterleiingar sjekkar at alle vilkåra er oppfylt. Og det er dei på første forsøk, så vinnaren kan få melding om båten.

– Dette er heilt fantastisk. No hadde gliset gått rundt om ikkje øyro var i vegen, seier den glade vinnaren, Kristin Goverud til Avisa Nordhordland.

– Båten skal få stå hjå svigerfar min på Sotra, der han har båtplass og naust. Og eg skal ut der for å fiske og kose meg, seier ho.

Sjølve båten er sponsa av E39 Båt & Henger i Eikangervåg, som har gjeve senteret ein god avtale, ifølgje senterleiar Åge Torsvik. Det er ikkje like mange deltakarar som i fjor, men det skuldast ifølgje senterleiaren at konkurransen vara lenger i jubileumsåret i fjor.

Artikkeltags