Knarvik senter innfører fleire tiltak for å forhindre koronasmitte – avgrensar opningstida

– Vi har gjort ein del tiltak allereie, blant anna med hygiene.

DEL

Det bekreftar senterleiar Åge Torsvik.

– Vi har òg gjort ein del ekstra hygienetiltak på plassar kor folk ofte er borti ting.

Knarvik Senterforening og Knarvik Senter AS opplyser at senteret veljar å følge tiltaka som andre senter har sett i verk, og avgrensar opningstida til kl. 10.00–18.00 kvar dag, gjeldande frå fredag 13. mars.

Frisørar og hudpleiesalongar må halde stengt, og serveringsstader har eigne retningslinjer. Desse må ein sjølv halde oversikt over, og er gjeldande frå torsdag klokka 18.00.

Apotek og daglegvarer oppfordrast til å halde vanlege opningstider.

Torsvik opplyser at senteret vil gjennomføre eit møte på morgonkvisten fredag og kva tiltak Knarvik Senter skal gjere vidare, og at dei fortløpande vil sende ut info etter møtet.

Artikkeltags