Sjå bildeserie: Bli med inn på nye Knarvik barneskule!

23. desember 2018, kl. 21:00

– Vi er framleis rute, fortel prosjektleiar frå Skanska, Kristina Folkedal i det Avisa Nordhordland besøker byggjeplassen til nye Knarvik barneskule, dagen før dei tek julefri. I april skal alt vere ferdig, og elevane flyttar inn i nye klasserom i byrjinga av mai om ein held seg til tidsskjemaet. Den nye skulen byrjar å ta form, både innvendig og utvendig. Blant anna er fleirbrukshallen, kalla Knarvik Arena med ein kapasitet på over 1000 menneske, så godt som ferdigstilt. – Eg trur ikkje eg har vore med på noko anna prosjekt som har hatt så stort fokus på førebyggjing av mobbing, fortel prosjektleiaren, som tidlegare har vore med på fleire storslåtte byggeprosjekt med Skanska. Blant anna er hovudtrappa ekstra brei, toaletta har dører ut mot gangen og der er installert vindauge i samtlege klasserom. Innvendig er skulen fargerik og lys, og det verkar som om arkitektane har nøye komponert kvar minste detalj i prosjektet.