Kløvheim bygdelag kritisk til byvekstavtalen: «I staden for å fortsette utbygginga i Knarvik og Alversund, må ein sikra at bygdene kringom har jamn folkevekst»

Kløvheim bygdelag er kritisk til at Alver skal gå inn i byvekstavtalen. Bygdelaget ønsker vekst i bygdene rundt Knarvik og Alversund. Her frå refleksjakt på Kløvheim i oktober 2018. Illustrasjonsfoto: Arkiv

Kløvheim bygdelag er kritisk til at Alver skal gå inn i byvekstavtalen. Bygdelaget ønsker vekst i bygdene rundt Knarvik og Alversund. Her frå refleksjakt på Kløvheim i oktober 2018. Illustrasjonsfoto: Arkiv Foto:

Av
DEL

MeiningarByvekstavtalen og konsekvensar for bygdene me bur i Kløvheim Bygdelag representerer bygdene som høyrer til Kløvheim skulekrins, frå Fammestad i sør til Bjørnevoll i nord. Laget representerer bygda som høyrings- og samarbeidsorgan andsynes kommunen og andre offentlege instansar.

Kløvheim Bygdelag har prøvd å sette seg inn i og drøfta den underskrivne Byvekstavtalen, forskingsrapporten frå Cicero, saksdokumenta frå Alver og i tillegg bede om innspel frå innbyggjarane i bygdene våre.

Me veit me er seint ute med innspel, men me er redd for kva konsekvensar Byvekstavtalen vil få for bygdene me bur i.

Her er nokon punkt me ønskjer at de ser gjennom før denne saka skal opp til avgjersle i Kommunestyremøte komande torsdag 20.02.2020

1) Me har innvendingar mot saksgangen i denne saka, og meiner det skulle ha vore arrangert folkemøte og gjennomført ei høyring. Dette med bakgrunn i at byvekstavtalen får følgjer som er på nivå med kommuneplanen, både areal og samfunnsdelen, og legg føringar for desse.

2) Komplekse samfunnsspørsmål som klimakrisa og det å nå berekraftmåla krev tiltak frå ulike perspektiv og viklingar. Eit hovudankepunkt mot byvekstavtalen er at tiltak ikkje står i samsvar med dei utfordringane me har. Til dømes gjeld målet om nullvekst i byvekstavtalen berre personbilar, ikkje varetransport, tenester og gjennomgangstrafikk, det er ein stor mangel.

3) Kløvheim Bygdelag er bekymra for at Byvekstavtalen vil gjere det endå vanskelegare å skape vekst i bygdene i kommunen vår. Noko som igjen fører til at dei som er igjen i bygdene må reisa lengre for å delta på aktivitetar, noko som er ikkje er forenleg med intensjon i Byvekstavtalen. Hold Dykk til intensjonsavtalen om å ta heile kommunen i bruk. Det er eit stort ønske om å fortsatt oppleva vekst, trivsel og utvikling i bygdene våre, samstundes som alle lokalsamfunn må gjera sin del av innsatsen mot klimautslepp. Me forventar at kommunen vil legga til rette for ei slik utvikling.

4) Det er heller ikkje skrive nokon form for konsekvensutgreiing, difor ber ordskiftet i media og blant politikarar preg av synsing og meining heller enn kva som faktisk står i den eksisterande avtalen.

5) I byvekstavtalen står det «skal det kunna bli lagt til rette for» utbygging, og då med atterhald om at det gjennom planlegging vert lagt til rette for minimering av transportbehovet (s. 9 i avtalen). I avtalen og i rådmannen si saksutgreiing står det at «Skal kollektiv, sykkel og gange vere eit alternativ til bil, er det rådmannen si vurdering at det er viktig å satse der trafikketterspunaden er størst. Det vil i hovudsak vere i den sørlege delen av kommunen - i og rundt regionsenteret og inn mot Bergen sentrum». For innbyggjarane i bygdene me bur kan dette opplevast som at ordlyd i intensjonsavtale om å ta heile Alver i bruk, no fell vekk.

6) Alle som bur i bygdene våre veit at det er forbunde med livsfare å prøva å sykla til tettstaden Knarvik. I realiteten er me avhengige av motortransport på grunn av farlege veg- og tunnelstrekningar.

Kampen mot klimaendringane må kjempast på fleire plan, i samspel mellom innbyggjarar og politikarar. Her skisserer me tiltak som Kløvheim Bygdelag forventar blir teke med i planane for Alver, og som vil sikra ei berekraftig utvikling lokalt.

  • Betre kollektivtilbod til bygdene våre. Kva med eit busstilbod til dei som jobbar på Mongstad?

  • Innfartsparkering på Eikanger. Det må etablerast parkeringsplassar og innførast bussar som køyrer hyppig t.d. kvart 15 minutt til Knarvik bussterminal.· Hurtigbåten til Bergen avlastar både bussar og vegnettet til/frå Bergen - fleire avgangar og ein meir miljøvenleg båt vil bidra til reduserte klimautslepp.

  • I tillegg må bussrutene tilpassast båten slik at ventetida vert minimal, og ikkje slik som no oppimot ein times ventetid om me tek bussen frå Eikanger.· Levande bygder der folk kan bu og arbeida og gå/sykla til barnehage, skule og butikk.

Mange av bygdene i Alver har alt dette. Men her må det no satsast sterkare på sjølvberga bygder som ikkje hadde behov for å reisa til Knarvik, Frekhaug, Manger eller Bergen.· Kulturskulen må desentraliserast og tilbodet etablerast på skulane. Det er betre at ein til to lærarar reiser til og underviser i musikk på Kløvheim skule enn at 12 - 15 foreldre køyrer borna sine til Knarvik for 20 minutts undervisning, sidan det ikkje går buss som passar med øvingstidene.

Prioritering av folk frå bygdene for gratis innfartsparkering i Knarvik. Bompengar er allereie betalt for å koma seg til bussen. Kommunen kan innføra parkeringsløyve- ordning der folk frå 5915, 5913, 5993 og andre bygder kringom Knarvik som må køyre dit kan parkere medan dei som køyrer bilen sin frå huset i Knarvik og 500-900 meter lyt gå.

I dag er det for lite parkering, og me som kjem utanfrå har inga prioritering i parkering eller garanti for å få parkeringsplass, sjølv om me vel å stoppa i Knarvik og ta kollektivtilbod til Bergen.· Kommunen og regionrådet må stimulera til lokal næringsutvikling slik at folk som pendlar ut av kommunen i dag, kan få arbeid der dei bur.·

Småskala bustadutvikling og næringsutvikling i bygdene må prioriterast· Ta heile Alver i bruk J I staden for å fortsette utbygginga i Knarvik og Alversund, må ein sikra at bygdene kringom har jamn folkevekst, då slepp ein store kostnader t.d. til utbygging av skular og barnehagar og me brukar dei lokalitetane me alt har i dag.

Sjølv om det sikkert er fordelar med det, så er det no ein gong sånn at ikkje alle ønskjer å bu i Knarvik og Alversund.

Kløvheim, 18. februar 2020

Raymond Solli,

Leiar Kløvheim Bygdelag

Artikkeltags