Kunstrunden Alver vart arrangert for første gong i fjor, som eit ledd i Alver si kultursatsing i samband med samanslåinga. No utvidar kunstfolket sine geografiske grenser og inviterer til kunstrunde både i Alver, Austrheim og Masfjorden. Opprinneleg var det planen å gjennomføra arrangementet i påska, men korona-pandemien sette ein stoppar for det.

Stor skaparglede - blir meir synlege saman

– Eg opplever at det er aukande interesse for kunst og kunsthandverk i Nordhordland, og det å samarbeida om arrangement gjer oss meir synlege. Når me ikkje kan reisa ut av landet treng me gode opplevingar i nærmiljøet. Det er spennande å sjå kor mykje skaparglede og kor mange ulike uttrykk som vert synlege når me går saman, seier Gro Fyllingsnes.

Tanken er at folk skal kunne ta runden til dei ulike stadane i løpet av helga. Du kan koma innom galleri med fleire utstillarar, små atelier der gjerne ein keramikar held til, du kan møta smeden og sjå korleis han arbeider i smia.

Mål om årleg kunstrunde

På Sandneskafeen i Masfjorden og Lyngheisenteret på Lygra kan du i tillegg til utstilling også eta lunsj.

– Kunstrunden gjev fin anledning til å nyta både kultur og natur, seier Gro Fyllingsnes, som inviterer til besøk på galleri Gamleskulen på Eikanger.

Ho fortel at det er meininga at kunstrunden Nordhordland skal vera ei årleg hending og bli ein tradisjon for strilar og byfolk.

– Det er gjerne for mykje å ta heile kunstrunden på ein dag, men ein kan jo dela det opp og velja nokre stader ein vil besøkja, seier Fyllingsnes.

Ei oransje sild - etter sild og pote som solid strilekost, er logoen for kunstrunden Nordhordland og blir brukt som skilt og vegvisar til dei ulike utstilingsstadane som har ope både laurdag og søndag.

Les også

Johannes (94) vier livet sitt til smia på Fossesjøen