Den tradisjonsrike lysfesten i Knarvik vart gjeninnført i fjor etter tre års pause. Målet for arrangørane er at dette igjen skal bli ein koseleg førjulstradisjon for små og store i Nordhordland.

Søndag er det igjen klart for lysfest - med fakkeltog og fyrverkeri som høgdepunkt.

Fakkeltoget startar frå Knarvik senter klokka 19. Timen før vert det anledning til å kjøpe faklar i senteret.

Til Frelsesarmeen

Inntektene frå fakkelsalet går til eit godt formål, og i år er det Frelsesarmeen si julegryte som er valt ut.

Fakkeltoget skal gå rundt Brekkeløypa før det heile blir avslutta med fyrverkeri ved idrettsbana.

Det er Knarvik senter, saman med Avisa Nordhordland, KnarvikMila, Brekkeløypas Venner og Spectra som står bak arrangementet.

Bildeserie

Sjå kven som var på lysfesten i Knarvik!