Gå til sidens hovedinnhold

Klar oppfordring frå 6. klasse på Leiknes skule: Bli sett, bruk refleks!

Artikkelen er over 2 år gammel

Lesarbrev: Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kvar vinter har Trygg Trafikk kampanje for det norske folk slik at dei skal bruke refleks i vintermørke.

Det er mange ulykker som kunne vore unngått om du hadde brukt refleks.

Kvifor er det berre 4 av 10 nordmenn som brukar refleks???

Refleks er viktig fordi bilane kan lettare sjå deg.

Det gjer at det er trygt å gå langs vegen utan fortau, då blir det tryggare å gå der, og bilane bremsar ned fordi dei ser deg.

Les også

Bilvegen i mørketida

 

Ein annan grunn til å bruke refleks er at bilistane ser dårlegare i mørket og då er refleks bra å bruke slik at dei ser deg betre.

Kvifor ta risken på å døy?? Mange er glad i deg og dei vil ikkje miste deg.

Ein annan fordel med refleks er om du dett i grøfta og skade deg, kan du lettare bli sett og få hjelp av bilistar som køyrer forbi. Du skilje deg ut frå andre ting i mørke og du blir meir synleg for bilistane slik at dei stoppe opp.

Refleks kan verke teit, men den reddar mange liv.

Les også

– Det må bli kult å lysa i mørket

 

Med refleks kan man vere meir trygg i trafikken.

Til slutt vil vi bare seie at om du ikkje bruke refleks vil ikkje bilane sjå deg i mørke.

Bruk refleks. Det kan redde livet ditt. Vel du refleks, vel du livet...

Mvh 6. klasse på Leiknes skule

Kommentarer til denne saken