Klagar på støy i pinsa: – Vis omsyn!

Vest politidistrikt går ut med ein klar beskjed søndag føremiddag.

DEL

Mange brukar store delar av tida si utandørs med knallvêret som vi har fått denne pinsehelga.

Politiet har fått inn fleire klagar om støy frå mellom anna grasklipping og arbeid med gravmaskin.

Dei vil i den anledning minne alle om helligdagsfredslova.

– Om din betre halvdel masar om klipping av gras eller hekk, kan du berre svare at politiet har sagt du må vente til tysdag. Vis omsyn!, skriv dei i ei Twitter-melding.

Artikkeltags