Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Nokon blant oss jobbar kvar dag for at alle barn og unge skal få vera med på idrett eller kultur, sjølv om foreldra har dårleg økonomi. Nokon gjer ein ekstra innsats for at eldre skal ha noko meiningsfullt å ta seg til. Andre legg ned dugnadstime etter dugnadstime for at me ikkje skal gløyma historia vår. No vil me i Avisa Nordhordland heidra eldsjelene.
- Tips oss i skjemaet nedst i artikkelen eller på: redaksjonen@nordhordland.no, telefon 916 20 916 eller post Avisa Nordhordland, Kvernhushaugane 12, 5914 Isdalstø
På dei fleste felt har Noreg greidd å komma godt ifrå koronapandemien. Takka vera at folk har hatt stor tillit til råda og tiltaka frå styremaktene, at det ikkje har stått på økonomien for å bøta på tapa til næringslivet og ein stor innsats i helsevesenet. Ein sektor har likevel i for stor grad måtta lida under pandemien; den frivillige sektoren. Det tok altfor lang tid før breiddeidretten fekk opna att og kulturaktørar har merkeleg seint fått nærma seg normalen. Då politikarane kasta seg rundt halsen på kvarandre i jubel eller trøyst valnatta, var det framleis lang avstand mellom stolane i ungdomshus, konsertsalar og religiøse møteplassar.
Det som òg skapar uro, er at fleire undersøkingar syner at dei økonomiske skilnadane i samfunnet aukar. Alle barn og unge har ikkje den same tilgangen på meiningsfulle fritidstilbod. Lommeboka avgjer i større og større grad kva unge får vera med på. For den gruppa som står i fare for å hamna på utsida, er eldsjelene ekstra viktige.
No er det på tide å slå eit slag for dei som gjer den ekstraordinære innsatsen for andre. Dei som stiller uansett vêr. Dei som dukkar opp fleire timar før andre, for å gjera alt klart. Dei som aldri har sagt nei til å strikka til basaren. Dei som kjem med nye initiativ for å skapa liv i bygda.
I Nordhordland og Gulen har alltid den frivillige innsatsen vore heilt avgjerande. Der det offentlege ikkje har strekt til, har eldsjelene gjort sitt for å skapa tilbod av høg verdi.
Me i avisa vil no høyra frå deg. Høyra kven du meiner bør heidrast. Me ønskjer denne hausten å møta fleire av eldsjelene i Nordhordland og Gulen, fortelja om jobben dei gjer for lokalsamfunnet og formidla kva dei har på hjarta.
Send oss eit vink, då. Slik at me saman kan løfta fram dei som gjer ein ekstra innsats for andre.