Kjendisar undergrev trafikktryggleiken og risikerer andres liv

Etterlyser gode forbilde.

Etterlyser gode forbilde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Året drar seg mot slutten. Det har vore prega av korona, mas om elsparkesyklar og kjendisar som utset andre for livsfare i trafikken.

I år kjem nærmere 100 liv til å gå tapt i trafikken, menneskeliv vi aldri får tilbake. Mange av dei heilt uskyldige ofre for andres egoistiske val. Det siste vi då treng er profilar som bagatelliserer og undergrev trafikktryggleiken.

Petter Northug, ein av nasjonens fremste idrettsprofilar, køyrde som kjent villmann og filma det heile med mobilen sin i sommar.

Northug hyrte inn First House, la seg flat og laga ein julelåt med eit snev av beklaging. Vi kryssar fingrane for at skikongen er på rett kjøl i livet.

Jan Thomas la i haust ut eit klipp på Instagram, som viser at han brukar mobil bak rattet. Klippet var henta ut av Dplay-serien, Jan Thomas’ Verden. Stylisten bad om tilgjeving, og Discovery klipte om episoden og fjerna den omtalte hendinga.

Den siste i rekka av kjendisar som dummar seg ut bak rattet er Herman Flesvig. Sist fredag filma han seg sjølv mens han køyrde bil og la det heile ut på Instagram. Det blei VG-sak. Han la seg flat, men kunne sjølvsagt ikkje unngå å lage ablegøyer rundt det heile.

«Det som kanskje irriterer meg mest, er at no ryk årets namn på VG. No får eg sannsynlegvis ingen stemmer. Eg skal på eit møte no, så no skal eg ta på refleksvest, munnbind, hjelm, la bilen stå og gå til jobb. I håp om å rette opp dette.»

Sa komikeren, med ein tilsynelatande sarkastisk sjargong. Det vitnar om ein mann som openbert ikkje innser alvoret. Til informasjon, over 30 menneske mista livet i trafikken grunna uoppmerksemd i fjor.

Dei omtalte kjendisane har til saman over 1,3 millionar følgjarar på Instagram og må derfor vere sin innverknad bevisst.

Det er ikkje meninga å vere moralpoliti, og eg har sjølv tatt dårlege val bak rattet. Men 2020 har vore trist nok, det siste vi treng inn mot jul, er enda ein dødsulykke i trafikken.

Så vær så snill, ver gode forbilde og køyr pent. Vi har ingen å miste.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken