Kjempekøar på Lavik fergekai

Slik så det ut på fergekaien på Lavik søndag kveld.

Slik så det ut på fergekaien på Lavik søndag kveld. Foto:

Det er lang ventetid for dei som vil ta ferja frå Lavik til Oppedal.

DEL

(BA): Ifølge vegtrafikksentralen er det rundt 40 minuttar til ein times ventetid på ferjestrekninga Lavik-Oppedal.

Det er ikkje meldingar om innstilte avgangar eller andre hendingar, og ifølge vegtrafikksentralen skuldast køen trulig at det er mange som skal heim etter langhelga.

Ifølge Firda har det vore lang kø på Lavik-kaia sidan 16.20-tida.

Redusert kapasitet på E39

Også på E39 Halhjem-Sandvikvåg kan det bli ventetid søndag kveld.

Ruta har redusert kapasitet på avgangen frå Sandvikvåg klokk 22.10 på grunn av farleg last. Det blir derfor maks 12 passasjerar.

Snøras på riksveg 50

På riksveg 50 over Hol-Aurland har det gått eit snøras, og vegen er stengt ved Østerbø fjellstove. Det er fare for nye ras, og vegen opnar ikkje igjen før tidlegast måndag.

Artikkeltags