Gå til sidens hovedinnhold

Kjære Arvid Sakseide

Minneord

Takk.

Eg veit mange ønskjer å takke deg. Mange av mine med-musikantar, medelever og andre som hadde glede av di stund på jorda. Som lærar, som organist, som medmenneske.

Eg har mykje å takka deg for. Da at du såg meg som elev på Sagstad Skule. Da at du høyrde meg, høyrde på spelet mitt, om da so var på kornetten eller trompeten min. Nemner ikkje blokkfløyta...

Da har betydd so endeleg mykje for meg. At me fekk gjere Bach sitt Juleoratoriet i lag, med Alversund Kammerkor og orkester, sat eg umåteleg pris på. Nett som om ringen slutta.

Eg følte meg aldri so fri som når eg sto oppe på galleriet i Meland Kyrke i lag med deg. Kun deg, meg, salmane og dei flotte obligatstemmene du lagde. Eg svevde heimatt dei søndagane me arbeide i lag. Eg veit at du fekk fleire enn meg til å sveve også.

Faktisk har velheile Meland, nesten alle som bur her, svevd høgare på grunn av deg.

Da tenkjer eg må vere noko av da flottaste ein kan oppnå. På grunn av deg.

Takk Arvid (10.8.1945-10.12.2020)

Kommentarer til denne saken