Kevin Vågenes hadde i fjor og starten av 2019 stor suksess med «Julegøy» på Ole Bull Scene i Bergen.

Då planlegginga rundt «Julegøy» byrja, var det først planlagt to rundar.

– Så vart det fire og enda med 51. Det er heilt utruleg, sa Kevin Vågenes i eit intervju i desember.

Komikaren skrøyt hemningslaust av heile Ole Bull Huset.

– Det har vore heilt fantastisk å arbeida der. Folka står på og er veldig entusiastisk, sa Vågenes til BA.

Spelast frå november

Siste runde av «Julegøy» var over i januar 2019.

No er det klart at det vert ein runde to med braksuksessen.

På scena vert det gjensyn med nokon av dei populære karakterane frå tv-suksessen «Parterapi». Det vert også introduksjon til heilt ferske rollefigurar.

Dei tre andre som skal dele scene med Vågenes er Christoffer Schjelderup, Siw Anita Andersen (kjent frå mellom anna«Mot i brøstet») og Sandra Spjelkavik.

«Julegøy 2» spelast på Ole Bull Scene frå 12. november.

Les også

I skuggen av komikaren