Kasta loss og tok publikum med storm
Artikkelen er over 4 år gammel
- Dette må jo vera draumejobben, smiler Marianne Riise, omkransa av eit 20-tals syngande karar. Hjelmås mannskor slo ut håret, kasta loss og tok dei mange tilhøyrarane i storstova på Leiknes med på ein herleg seglas av mimring frå livet til sjøs. Både karane og trisa tok publikum med storm.