Kampen om bokbåten Epos held fram: – Bokbåten må styrkast, ikkje leggast ned!

Bibliotekar Thomas Brevik (t.h.) , Bibliotekar Silje Namtvedt, Gruppeleiar Jeanette Syversen Raudt Vestland, Stig Holmås (forfattar) og Kaptein Svein Ivar Vinnes.

Bibliotekar Thomas Brevik (t.h.) , Bibliotekar Silje Namtvedt, Gruppeleiar Jeanette Syversen Raudt Vestland, Stig Holmås (forfattar) og Kaptein Svein Ivar Vinnes.

Av

Raudt Vestland er klar i si tale om kva dei meiner om bokbåt-tilbodet. – Det må styrkast, ikkje leggast ned, skriv dei i eit debattinnlegg.

DEL

MeiningarOnsdag denne veka var eg vitje til då Epos bokbåten Epos låg til kai i Bergen.

Raudt har vore med å kjempe for bokbåt-tilbodet Epos kvar gong det har vore trua med nedlegging. Det var grunn til å tru at dette tilbodet var redda, då den politiske storkoalisjonen i det nye Vestland fylkesting hadde stadfesta dette i sin politiske plattform. Der står det at dei seks partia er samde om at dei skal:

«Styrke folkebiblioteka og sikre eit desentralisert bibliotektilbod og vidareutvikle bokbåttilbodet til fjord-, kyst- og øysamfunn i alle deler av fylket. Biblioteka er viktige møtestader for menneske med ulik kulturell og sosial bakgrunn.»

I fylkesutvalet den 28. mai, gjekk likevel posisjonspartia imot si eiga plattform, og stemte for å leggje ned tilbodet. Saka kjem opp i fylkestinget 9–10 juni.

– Vi treng fleire, ikkje færre gode tilbod

Havet bind oss saman, og bøkene gjer oss moglegheit til å reise til andre verder. Epos tilbyr ein magisk kombinasjon av sjøfart, litteratur og kultur. På båten møtte eg kaptein Svein Ivar Vinnes og verdas mest entusiastiske (og sjøsjuke) bibliotekar Thomas Brevik.

Dei gjer i lag ein enormt viktig jobb. I ei teneste som kan bidra til å motverke den trenden som forskinga no avslørar, nemleg at lese ferdigheitene til unge går tilbake som følge av auka skjermtid og digitalisering.

Vi treng fleire – ikkje færre – gode tilbod i distrikta for å motverke den sentraliseringsbølga som skyldar over Vestland og resten av landet. Epos er ein unik kulturinstitusjon som leverer litteratur og lese-entusiasme i kombinasjon med magiske kulturelle opplevingar for barn og unge heilt ute i dei ytste kyst og fjordbygdene i distriktet.

Det var mange som møtte opp onsdag, og eg fekk helse på Agathe Gausereide frå Alver kommune som fortel kor viktig tilbodet har vore og er for fleire generasjonar vaksne og born, som står på kaien og trippar i spenning når Epos kjem.

Dette tilbodet er med jamne ut ulikskap og geografisk tilgang til kultur og litteratur, det må utvidast, ikkje leggjast ned!

Eg kan ikkje fatte korleis fylkesordførar Jon Askeland som sjølv representerer ein distriktskommune og eit utala distriktsparti, meiner at det er god distriktspolitikk å legge ned dette tilbodet. No må posisjonen halde seg til si eiga vedtekne styringsplattform, og sørge for at Bokbåten blir utvida til og å gjelde nord fylket, framfor å slå bein under si eiga vedtekne politiske plattform.

Bodskap til politikarane

Raudt Vestland spurde Agathe Gausreide som er bokbåtkontakt for stoppa Åsgard og Ostereidet, om kva bodskap ho har til politikarane om Epos, dette svarte ho:

«Bokbåten Epos er ein sjarmerande og veldig velkomen gjest til bygdene langs vestlandskysten. I tillegg til tusenvis av bøker, bringar den med seg gode opplevingar og minner for generasjonar. Kulturprogram i form av teaterforestillingar, opplesingar og konsertar, kjem bokstaveleg talt tett på, engasjerer og ikkje minst inkluderer publikum. Det er ikkje få store og små, som har fått prøvd seg på scena i lag med oppfinnsame og sprelske forfattarar, musikarar og andre kunstnarar. Den er vårt levande kulturhus, vårt litteraturhus, vårt offentlege kulturtilbod. Den har slett ikkje gått ut på dato, og er like viktig no som for 60 år sidan, det viser både besøkstal og utlånstal.

Lat oss få behalde den. Gjerne i 60 år til.»

Artikkeltags