– Sjå på nabokommunane

– MANGLAR FLEIRE MOGLEGHEITER: Geir Follesø, leiar i Utdanningsforbundet Austrheim synest det manglar fleire moglegheiter i høyringsdokumentet. Han oppfordra administrasjonen til å sjå til nabokommunane, som gjer store investeringar på skule. ALLE FOTO: Irene Bratteng Jenssen

– MANGLAR FLEIRE MOGLEGHEITER: Geir Follesø, leiar i Utdanningsforbundet Austrheim synest det manglar fleire moglegheiter i høyringsdokumentet. Han oppfordra administrasjonen til å sjå til nabokommunane, som gjer store investeringar på skule. ALLE FOTO: Irene Bratteng Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Endra skulestruktur og samanslåing av skular i Austrheim, var tema under bygdemøtet på Kaland skule tirsdag.

DEL

Kommunalsjef for oppvekst, Torleiv Frotjold, presenterte høyringsdokumentet for endra skulestruktur i Austrheim. Barneskule på Kaland og Årås, med felles mellomtrinn på Kaland, og felles ungdomsskule på Årås var to av forslaga i dokumentet, som ligg på høyring til 6. juni 2015.

– Mange fordelar

Frotjold understreka at fordelane med å slå saman ungdomsskuletrinnet er mange.


– Elevar som på ulikt vis har komme uheldig ut så langt i skuleløpet, får høve til ein ny start. Elevane får og høve til å skaffa nye venner, og dei kan få fleire medelevar å samarbeida med. Dessutan vert overgangen til vidaregåande skule mindre, nemnde Frotjold som nokre av mange fordelar.

LES OGSÅ: Skal utvida Kaland barnehage

– Skulane ber preg av forfall

Leiar i Utdanningsforbundet Austrheim, Geir Follesø, synest det mangla fleire moglegheiter i høyringsdokumentet. Han oppfordra administrasjonen til å sjå til nabokommunane, Lindås og Radøy, som gjer store invisteringar på skule, og satsar på ein berekraftig og framtidsretta modell for skulane sine.


– Kaland og Årås skule ber preg av forfall – dei ser ikkje ut. Eg synest det er rart at Austrheim kommune skal gå for å bygga på eit falleferdig bygg, seier Follesø.


– Folkeframskrivinga for dei neste 20 åra viser at vi vil ha ein vekst av ungdommar i Austrheim på 46 % til 181 elevar. Når kommunen først skal gjera endringar i skulestrukturen, oppfordrar utdanningsforbundet til at dette vert gjort med eit langsiktig og berekraftig perspektiv, seier han.

Saknar reelle moglegheiter

FAU-leiar i Kaland barnehage, Silje Andvik Hoaas påpeikar at ho saknar fleire reelle moglegheiter i høyringsdokumentet, og synest at administrasjonen har levert eit tynt grunnlag for politikarane til å fatta vedtak ut ifrå.


– Vi har ein barnehage og to skular som treng opprusting, og vi har ein vidaregåande skule som fylket allereie har sagt at dei skal ta tak i. I det bildet ligg ein unik moglegheit. Eg saknar nokon som grip den, seier ho.

LES OGSÅ: Synne (16) har valfaget «internasjonalt samarbeid» – Viktig å kunna engelsk

Positivt med endring

På bygdemøtet i gymsalen på Kaland skule hadde politikarane Reidar Øksnes (SP), Per Lerøy (AP) og Magnus Kvingedal (H) og Randi Dyrøy (KrF) kvart sitt innlegg.


– Dette ikkje er første gong vi endrar på skulestrukturen i kommunen. Det kan vera positivt med ei endring av miljø under oppveksten, seier Reidar Øksnes (SP).


Han påpeiker også at det vil vera store gevinstar for mange å få moglegheita til å vera ein del av eit større miljø, som ein samla ungdomsskule vil representere.

LES OGSÅ: Kjøper tomt på Kaland

– Vil behalda skulestrukturen

Per Lerøy (AP) framheva ein god skule, der læringsmiljø står i sentrum.


– Arbeidarpartiet ønsker å behalda skulestrukturen som i dag, men bruka midlar til å rusta opp skulane inntil Austrheim Vidaregåande Skule skal rustast opp, eller det eventuelt skal byggast ny vidaregåande skule i kommunen.


Vidare informerte Lerøy om at fylkespolitikarane frå partia SP, SV og AP er positive til å bygga ny vidaregåande skule i Austrheim.

– Viktig å lytta til folket

Randi Dyrøy (KrF) seier ho er opptatt av å lytta til folket, og meiner at høyringsdokumentet er litt «tynt».


– Vi er positiv til ein felles ungdomsskule, men ønsker ikkje å ta stilling til om ungdomsskulen skal ligga på Kaland eller Årås. Det viktigaste er ein god skule med gode lærarar, uavhengig av kor den ligg plassert, seier Dyrøy.

Heller mot felles ungdomsskule

Magnus Kvingedal (H) påpeiker utfordringar med logistikk ved å flytta skulen bort frå Årås-krinsen. Han synest det er vanskeleg å ta standpunkt til om det skal vera ein eller to ungdomsskular i kommunen, men påpeiker utfordringar med logistikk ved å flytte skulen bort frå Årås krinsen.


– Foreløpig vil eg ikkje på vegner av Høgre Austrheim sei akkurat kva vi ønsker, men vi heller mot ein felles ungdomsskule, og det verkar mest praktisk at denne ligg plassert på Årås, seier Kvingedal.

–Står saman

FAU-leiar på Kaland barne- og ungdomsskule, Veronika Halvorsen, summerer opp bygdemøtet som positivt. Ho fortel at ho har fått enormt mange positive tilbakemeldingar frå politikarar og foreldre som var til stades.


– Det viktigaste for oss no er at vi star saman om ein heilt ny skule, og svært gjerne ein 8–13 skule. Ein 8–13 skule gjer moglegheit til praktiske fag, noko som er spesielt bra for elevar som har utfordringar på det teoretiske. Plasseringa på den eventuelt nye skulen er ikkje det viktigaste, men vi i FAU har eit ønske om at alle elevar vert varetatt, seier Halvorsen.

Artikkeltags