Tettare skulesamarbeid

Austrheim Vidaregåande skule: Austrheim VGS og ungdomsskulane i kommunen skal no samarbeide tettare enn tidlegare. Foto: Arkivfoto

Austrheim Vidaregåande skule: Austrheim VGS og ungdomsskulane i kommunen skal no samarbeide tettare enn tidlegare. Foto: Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Eit nytt vedtak i fylkestinget sikrar nærare samarbeid mellom Austrheim vidaregåande skule og ungdomsskulane i kommunen.

DEL

– Det er viktig å vidareføra eit godt samarbeid mellom den vidaregåande skulen og ungdomsskulane, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy. Vedtaket i fylkestinget inneber at det skal vere gjensidig forplikting og samarbeid om undervisning mellom Hordaland fylkeskommune, som har ansvar for den vidaregåande skulen, og Austrheim kommune som har ansvar for ungdomsskulane.

– Oppvekstsjefen i kommunen skal no setta seg ned med skulerektorane og planlegga detaljane i samarbeidet, seier Lerøy.

Sikrar skuleframtida

Rosalind Fosse i Frp sit på fylkestinget og er saksordførar i saka om skulesamarbeid i Austrheim. Ho meiner det er viktig å få eit vedtak som sikrar vidare samarbeid.

– Dette handlar om å sikra Austrheim vidaregåande skule si framtid. Samarbeidet med ungdomsskulane er allereie godt og det var viktig å få på plass ein formell avtale, seier Fosse.

– Fokuset er at elevane i regionen skal ha best mogleg tilbod, seier Fosse.

8-13-skule

I Oslo har fleire ungdomsskular og vidaregåande skular dei siste åra blitt slått saman for mest mogleg samarbeidsutbytte. I Hordaland skal det også verte eit tilsvarande opplegg i Arna, men i Austrheim skal elevane gå på kvar sine skular når samarbeidet vert auka.

– I byrjinga av fylkets utgreiing om dette prosjektet så såg dei litt stort på det og vurderte ei løysing med ein felles 8-13-skule, seier ordførar Per Lerøy.

Eit av alternativa var å legge ein slik skule ved Austrheim Idrettspark. Det vart det derimot ikkje noko av og Austrheim VGS skal behalde lokala i Mastrevik som i tillegg vil verte rusta opp til 75 millionar kroner.

Samarbeid

– Dei dyktigaste ungdomsskuleelevane kan få undervisning i vidaregåande-fag som matematikk og engelsk. Vi vil også sjå på ein meir gjennomgåande læringsplan for fag som er felles for skulane. Dermed vil det bli ein enklare overgang mellom skulane. Det er noko av punkta som samarbeidet vil handle om, fortel rektor ved Austrheim vidaregåande skule, Kjersti Haugland som er spent på utviklinga.

– No skal vi løfta blikket og sjå litt lengre inn i framtida, seier rektoren.

Artikkeltags