Gå til sidens hovedinnhold

Kabelferja ute av drift i fire dagar

Denne veka blir Fjon M teke ut av teneste for periodisk kontroll og vedlikehald.

Ferja Fjon M på sambandet Masfjordnes – Duesund vil vere ute av drift frå tysdag 27. april til fredag 30. april, og er venta å vere tilbake i normal drift i løpet av fredagen.

Medan ferja er på service, blir det sett inn skysstilbod for passasjerar, som vil gå mellom dei gamle ferjekaiene på Masfjordnes og Duesund. Skyssbåten Tornerose vil følge dei eksisterande rutene for sambandet.

Skyssbåten har passasjerkapasitet på 48 passasjerar, og vil stille med mannskap og førarar frå Fjon M som matrosar, både for å hjelpe til på båten og for å registrere turar og passasjerar.

Det opplyser Masfjorden kommune.

Tilbod om biltransport

Ferjeselskapet Wergeland stiller med ein 7-seters bil på kaien i Duesund, som vil frakte passasjerar opp og ned til skyssbåten mellom Hosteland og Duesund på dagtid mellom klokka 08.05 – 14.55. Den første bilen startar frå ferjekaien på Duesund, og siste bilen vil rekke skyssbåten som går 14.55 frå Duesund til Masfjordnes.

Grunna smittevern kan ikkje alle seta i bilen fyllast opp.

Pasientar som skal ha legetime eller vaksine har førsteprioritet med bilen, skriv kommunen.

Les også

Barnehageavdelingar stengde grunna koronasmitte

Les også

Ingen funn etter sakna Nicolai (24) i helga: – Ser ikkje vekk ifrå nye søk

Les også

Slik er status for vaksinering i Nordhordland: Fleire kommunar har kryssa 25 prosent med første dose

Kommentarer til denne saken