Maria og Josef fekk plass i herberget på Holme

Josef og Maria kom på uventa besøk og fekk både plass og hjartevarme i herberget på Holme. Den ferske julehistoria er knytt til utstillinga i Galleri Rustica. Også englar av rekved og blondegardiner er med i den naturnære juleutstillinga i galleriløa.