Bildeserie: Juleperler på rekkje og rad frå kulturskulen

Av

Over 250 tilhøyrarar i Manger kyrkje fekk oppleva mykje fin musikk på julekonserten til musikk- og kulturskulen i Radøy. Kulturskulerektor Ann Christin Hoen fortel at det var mange elevar i aksjon på eitt eller fleire innslag på konserten. Her var solistar på ulike og instrument og song, ensemble, songgrupper og band. - Trass i at det ikkje har vore så mykje tid til øving vart resultatet skikkeleg bra og samspelet fungerte godt, seier Hoen. På enkelte nummer var det både kor og ensemble, og skapte fin stemning. - Eg er stolt av kva elevane har fått til, eg trur elevane også er godt fornøgde med innsatsen, seier kulturskule-rektoren. Her kan du sjå fotograf Sondre Villanger Håland sine fine bilder frå julekonserten.