(Firda:) Onsdag klokka 11:00 vart krava deira for årets jordbruksoppgjer levert til staten.
Av desse går det fram at kravet har ei ramme på 11,567 milliardar kroner til kostnadskompensajon i 2022 og inntektsvekst i 2023.
– Vi har krevd etter behov, og behovet er stort. Vi er nøydde til å prioritere matproduksjon i år, vi har ikkje anna val, seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff i ei pressemelding.

Kostnadane har skote i vêret for bøndene Henriette og Nils–André: – Eg trudde nesten ikkje det var sant

Leif-Helge og Lene seier opp jobbane sine for å drive den tradisjonsrike familiegarden
Kravet deira fordelar seg slik:
Jordbruket ønskjer 2,407 milliardar til kostnadskompensasjon for 2022 og 100.000 kroner til ein start for tetting av inntektsgapet. Dette vil utgjere 9,160 milliardar kroner. I tillegg har faglaga rekna 4,0 prosent lønnsutvikling for samfunnet i 2023, og har lagt dette til grunn.
Dette utgjer 25.300 kr per årsverk. Ramma på 11,567 milliarder kroner gir dirfor grunnlag for inntektsvekst på 125.300 kr per årsverk.
– Kravet i år er historisk høgt, men det har vore heilt nødvendig. Det er krise i jordbruket. Galopperande kostnadar og ein vedvarande dårleg økonomi over tid gjer at mange bønder no er i ferd med å gi opp. Norsk Bonde- og Småbrukarlag har vore klare på at vi i år skal kreve etter behov, og det gjer vi no, seier Hoff.