Joika og kasta lasso - og ville ha reinsdyrkjøt til middag

Av

Leiknes skule markerte samefolket sin nasjonaldag med ei rekkje aktivitetar knytt til samekulturen. Mange elevar forlet skulen joikande.

DEL

Torsdag 6. februar var samane sin nasjonaldag. Det markerte Leiknes skule på samisk vis.

Elevane vart delt i grupper på tvers av trinn og var innom til saman fem stasjonar. Dei fekk smaka reinsdyrkjøt, kasta lasso, høyra samisk eventyr inni lavvoen, joika og læra om - og fargeleggja det samiske flagget.

– Vi vart våte i det sure veret, men det gjorde ingenting! Både elevar og vaksne storkoste seg og det var joikande elevar som gjekk heim. Vi har og fått høyra om elevar som kom heim og ville ha reinsdyrkjøt til middag! fortel Bente Hindenes Myklebust, kontaktlærar for 2. trinnet på Leiknes skule.

Artikkeltags