Slik skal Byrknes få Statoil-leiinga til å snu

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes og partifelle Knut Arild Hareide på besøk hjå TCM i mai 2013. Foto: Morten Sæle.

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes og partifelle Knut Arild Hareide på besøk hjå TCM i mai 2013. Foto: Morten Sæle. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) varslar kamp mot avgjersla til Statoil-leiinga.

DEL

Onsdag ettermiddag vart det kjent at Statoil legg vekk planane om å raffinera oljen frå det nye gigantfeltet Johan Sverdrup på Mongstad. Avgjerda betyr at regionen går glipp av seks-sju milliardar i investeringar dei neste åra.

– No er det ikkje konkludert med at dette er ei endeleg avgjerd. Etter det eg har fått informasjon om er det heller snakk om at det er lagt på is, er Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) sin første reaksjon når Avisa Nordhordland ringer.

– Dramatisk for arbeidsplassane

Aarhus Byrknes nektar å akseptera meldinga frå Statoil-leinga.

– Dette er overhodet ikkje avslutta, og det er det positive opp i dette. Eg håpar verkeleg prosjektet blir tatt fram igjen. Ikkje berre for Mongstad, arbeidsplassane og regionen, men også med tanke på beredskapen for nasjonen er det viktig at vi kan raffinera vår eigen olje i landet og ikkje måtte skipa den ut, seier Lindås-ordføraren.  

Dersom dette skulle bli den endelege avgjersla, kor stor krise er det for Nordhordland?

– Det vil vera dramatisk for arbeidsplassane og for raffineriet. Dette er eit viktig prosjekt for heile regionen. Oljen på Johan Sverdrup skal takast opp og ilandførast på Mongstad. Då vil det vera vedlig rart at vi skal skipa ut den oljen for vidare foredling ein annan plass, svarer ho.

Statoil Mongstad er for tida i ein nedbemanningsprosess. Når den er avslutta tel arbeidsstokken knappe 1000 personar.

– Burde heller investert

Ordføraren vedgår at ho er uroa over situasjonen.

– Eg er uroa i den forstand at dei legg vekk eit prosjekt i ein periode der industrien har utfordrande tider. Ein burde kanskje heller investert for å skapa aktivitet. Vi har olje til Mongstad i fleire år enno, men det som skjer etter det uroar meg, seier Aarhus Byrknes.

Ho slit med å forstå grunngjevinga.

– Vi har alle føresetnader på plass. Det kostar noko å investera, men dei kostnadane må vi også ta når vi er ein olje- og gassnasjon. Vi har moglegheit til å vera sjølvforsynt i Noreg. Det uroar meg hvis alt blir sendt ut av landet, held ordføraren fast på.  

Slik vil ho jobbe

Krf-kvinna, som har vikariert for Knut Arild Hareide på Stortinget, vil no ta i bruk heile sitt kontaktnett for å få Statoil til å snu i den viktige saka.  

– Det som er viktig for meg å få fram, er at vi må setta alle klutar til. Dette må vi få til på eit vis. Så lenge oljen skal takast ut, kjem i hvert fall eg til å jobba veldig mykje med denne saka, og eg er sikker på at eg har heile regionen med meg, uttaler ho.

Og understrekar at raffineriet handlar om meir enn ein kommune sin kamp for arbeidsplassar.

– Raffineriet er viktig for heile nasjonen. Vi har to raffineri i Noreg; Mongstad og Slagentangen. No snakkar vi om ting som er langt viktigare enn ein kommune.

– Dette er ikkje berre eit Lindås-prosjekt. Her står vi saman heile regionen. Regionrådet vil vera ein pådrivar inn mot Statoil-leiinga og dei nasjonale myndigheitene. Vi kjem nok ganske fort til å ha eit møte om dette, held ho fram.

– Vil ringe Erna

Blir det ein telefon til Knut Arild Hareide, og så må han ringa vidare til Erna Solberg?

– Hehe, eg kan ringa Erna eg også! Eg treng ikkje ringe gjennom Knut Arild. Eg har mange kontaktar etter mine gjesteopptredenar på Stortinget. Men her er det viktig å få fram at vi har eit engasjement i heile regionen og i fylket.

– Dette må vi også få fylkeskommunen med på. Hordaland Olje og Gass (HOG), som er eigd av kommunen, fylket og industrien sjølv, er eit organ som er verkeleg dyktig til å få fram behov og bodskap. Dei vil eg nok også alliere meg med.

Artikkeltags