Droppar Sverdrup-raffineringa på Mongstad

STOR SKIPSTRAFIKK: Det er stor aktivitet på kaiane på Mongstad. No vil Lindås og Fjell kommunar bryta ut av Bergen og omland havnevesen og skipa sitt eige selskap. ARKIVFOTO

STOR SKIPSTRAFIKK: Det er stor aktivitet på kaiane på Mongstad. No vil Lindås og Fjell kommunar bryta ut av Bergen og omland havnevesen og skipa sitt eige selskap. ARKIVFOTO

Artikkelen er over 3 år gammel

Vil skipa olja ut frå Mongstad i skip til markedet.

DEL

– For raffineriet betyr ikkje dette noko anna enn at me ikkje ser for oss å raffinera Johan Sverdrup-olja på Mongstad i overskueleg framtid, seier Morten Eek i Statoil til avisa Nordhordland

Statoil har i haust bestemt seg for å droppa gigantprosjektet som mange såg på som Nordhordland sin redningsplanke dei neste åra. Prosjektet til seks-sju milliardar kroner gjekk ut på at olja skal ilandførast på Mongstad, raffinerast og så sendast ut på marknaden som nye produkt.

No har altså Statoil bestemt seg for å droppa det og senda olja ut att på marknaden i skip til andre raffineri. Alternativt å lagra olja på Mongstad og skipa den direkte til der dei til ei kvar tid får best pris for den.

– Bransjen er i ein krevande periode, seier Eek.

LES OGSÅ: Statoil utreder alternativ: – Føler oss ført bak lyset

Han seier avgjerda er tatt med bakgrunn i at dei har jobba med prosjektet i to år og at prosjekta internt i Statoil må konkurrera med kvarandre.

Han kallar det for eit godt prosjekt, som dei no har skrinlagt.

– Det grunnlaget som ligg der kjem til anvending om me ser at me tek det opp att på eit seinare tidspunkt, seier han.

– Kor tid vert det aktuelt?

– Me har ingen timeplan på om det skal verta aktuelt, seier han.

– Er prosjektet skringlagt på grunn av manglande lønsemd?

– Me har jobba godt med dette prosjektet i to år og det vart stoppa i ein tidleg fase. Så det er for tidleg å seia noko om graden av modenheit av prosjektet, seier han.

– Men per no er det mange prosjekt i Statoil og prioriteringane mellom dei er knallhard, seier han.

– Kor tid vart avgjerda tatt?

– Konklusjonen har me trekt for ei tid tilbake, seier han.

– Har Statoil Mongstad ei framtid?

– Absolutt, seier han.

LES OGSÅ: Kina-sjakk

Eek peikar på at ein framleis skal ta i mot Troll-olje i mange år og framleis vil driva handel med råoljelast via skip.

– Det vil halda fram som før, seier han.

Sjef for Statoil Mongstad, Rasmus Wille seier han er ein ergerleg mann.

– Eg er ikkje skuffa, eg er ergerleg. Eg skulle gjerne har vore i gang med dette prosjektet no, seier han til avisa Nordhordland.

Mongstad-sjef Rasmus Wille

Mongstad-sjef Rasmus Wille

Men han understrekar at han skjønar tankegangen til Statoil.

– Den viktigaste årsaka til at prosjektet er utsett er marknadssituasjonen og råoljeprisen, seier han.

Wille seier han fekk offisiell beskjed i førre veka om avgjerda til Statoil.

– Men eg har fått signal på det tidlegare, seier han.

Han seier det er opp til Statoil Mongstad å sørga for å skapa tillit i konsernet så dei kan få dei pengane på eit seinare tidspunkt.

– Betyr dette at de har for liten tillit internt i Statoil?

– Nei, det meiner eg bestemt det ikkje er. Eg meiner me har god tillit til det me held på med, seier Wille.

– Men konsernleiinga ser at me har eit stykke att å gå før me er konkurransedyktige både internt og eksternt, seier Wille.

LES OGSÅ: Regjeringa vil endra eigedomsskatten: – Vil få dramatiske konsekvensar for oss

Han peikar på at når dei samanliknar med andre så har dei framleis langt å gå med tanke på resultatet på bunnlinja og kostnivået.

– Me må visa at me kan verta meir effektive, seier han.

– Kan denne avgjersla føra til ytterlegare kutt på Mongstad?

– Det ser eg ikkje for meg på kort sikt, seier han.

Wille peikar på at dei har olje frå Troll-feltet dei neste ti åra, og kanskje til og med lenger enn det.

– I tillegg jobbar me internt med mange bra ting. Fleire mindre prosjekt og modifikasjonar som kan auka vår inntening, seier han.

Han viser til mellom anna nye røyr som kan ruta strøymen annleis, effektivisering av driften av koksanlegget og 800-prosjektet.  Det siste har eit kostnadsramme på ein halv milliard kroner oig startar opp i 2016.

Artikkeltags