Arbeidsløysa held fram å falla. Ifølge Nav var den registrerte arbeidsledigheten i mai på 2,3 prosent. Det betyr at 80.000 menneske har registrert seg som arbeidsledige hos Nav. Til samanlikning var det same talet 95.500 for eitt år sidan.
Vi må heilt tilbake til mars 2009 for å finna tilsvarande gode tal for arbeidsmarknaden i Norge. Det var før oljekrisa slo inn i 2014, og 35.000 arbeidsplassar knytt til olje og gass forsvann på kort tid.
- LES OGSÅ: Disse bedriftene rammes av streiken
Nord og sør
Ledigheten søkk for alle grupper og i alle fylke. Men særleg to delar av landet kan sjå seg fornøgde med utviklinga: Heilt i nord og heilt i sør. I Agder-fylka har ledigheten sunket med omtrent 20 prosent det siste året.
Kommune | Antall ledige | |
april 2018 | april 2017 | |
Lindås | 175 | 280 |
Meland | 88 | 145 |
Radøy | 85 | 94 |
Austrheim | 48 | 63 |
Gulen | 20 | 19 |
Masfjorden | 12 | 10 |
Fedje | 6 | 9 |
Modalen | 7 | 7 |
I dei tre nordligste fylka Nordland, Troms og Finnmark har ledigheten sunket med høvesvis 15, 12 og 9 prosent. Berre Sogn og Fjordane har no lågare registrert ledighet enn Troms fylke.
– Vi har sett ein veldig stor vekst i investeringane i nord. Og verdipotensialet er endå større. I for eksempel bygg- og anlegg har vi frå 2007 til 2016 hatt ein vekst på over 90 prosent, seier regiondirektør for NHO Arktis, Målfrid Baik, til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).
Samtidig seier ho at ikkje alt er rosenraudt i nord heller.
Kvalifisert arbeidskraft
– Det er urovekkande at i det er i nord behovet etter kvalifisert arbeidskraft er størst. Veksten er så stor at vi ikkje klarar å fylle alle stillingar med riktig kompetanse. Det er den største trusselen mot vidare utvikling i nord, seier Baik.
I tillegg til bygg- og anlegg trekk ho fram turistnæringa og sjømatnæringa som område der det går spesielt godt.
– Og vi ser at området med det største verdipotensialet i Norge er gruveindustrien. Der er det mykje å henta dersom man tør å legge forholda til rette, seier NHO-direktøren. (ANB)