Så mange lærarar når ikkje opp til krava i faga sine: Sjekk din kommune her!

Knarvik ungdomsskule

Knarvik ungdomsskule Foto:

Over 1000 engelsklærarar manglar tilstrekkeleg fordjuping i engelsk, berre i Hordaland.

DEL

(BA) Om seks år må alle lærarar som skal undervisa i matematikk, engelsk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga.

Ungdomsskulelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervisa i dei same faga. Det poengterer Kunnskapsdepartementet.

I Hordaland manglar 1035 engelsklærarar tilstrekkeleg fordjuping. Det same gjeld 952 matematikklærarar og 708 norsklærarar.

For Bergens del manglar 44 prosent av engelsklærarane fordjuping. Det synest statsminister Erna Solberg er «not quite good enough».

–  Bergen har eit godt grunnlag, og byen er jo kjent som ein attraktiv by for lærarar å jobba i. Men at nesten annankvar engelsklærar manglar fordjuping, det viser at vi har litt å gå på. Engelsklærarar med fordjuping i faget sitt er flinkare til å motivera dei som slit, og betre å læra frå seg faget generelt, seier Solberg til BA.

I år er det sett av 1,6 milliardar kroner, like mykje som i fjor, til vidareutdanning av lærarar. Då fekk 7200 lærarar tilbod om vidareutdanning. Det var 10 000 søkjarar.

– En veldig auke

Solberg håpar at så mange som mogleg søker.

– Er det pengar som gjer at ikkje alle som har søkt får vidareutdanning?

– Ja, men det har vore ein veldig auke i talet på som har fått vidareutdanning. Vi kan ikkje garantera at alle som søker om å få vidareutdanning, får det no. Men over tid skal kapasiteten vera god nok. 

Ho siktar til at i 2025, altså, er det eit krav om å ha fordjuping i faga ein lærar skal undervisa i.

Som tabellen under viser, er situasjonen forskjellig frå kommune til kommune.

I fjor fekk 626 lærarar av 998 søkjarar tilbod om vidareutdanning i Hordaland.

Her er oversikta for kvar enkelt kommune i Nordhordland

  Antall norsklærarar Andel norsklærrarar i prosent Antall mattelærarar Andel mattelærarar i prosent Antall engelsklærarar Andel engelsklærarar i prosent  
Hordaland 708 18 % 952 27 % 1035 41 %  
Austrheim 0 0 % 1 4 % 2 10 %  
Fedje 2 25 % 3 30 % 3 38 %  
Lindås 29 21 % 37 28 % 40 46 %  
Masfjorden 4 21 % 4 19 % 2 22 %  
Meland 14 16 % 24 30 % 12 29 %  
Osterøy 4 8 % 9 22 % 13 37 %  
Radøy 11 25 % 16 37 % 13 52 %  

Artikkeltags