I sommar sende den fylkeskommunale kollektiveininga Skyss på vegner av Hordaland fylkeskommune ein e-post til ferjeoperatørane der dei varsla om store kutt i budsjettet til neste år, ifylgje Bergens Tidende. Konsekvensen av dette kan bli kutt i rutetilbodet. Ifylgje avisa har Skyss sjølv føreslege å kutta siste ferjeturen for kvelden.
– Vanskelegare for pendlarar
Både ordførar i Tysnes Kåre Martin Kleppe (H) og Austevoll-ordførar Morten Storebø (H), reagerer sterkt på forslaget. Dei meiner begge at ferjetilbodet allereie har blitt både dyrare og dårlegare, og at det svekkjer tilbodet til pendlarane. Ordførarane reagerer også på nye reglar om lågare bemanning på ferjene.
– Hordaland fylkeskommune har vist seg å vera uskikka til å drifta ferjer, meiner Tysnes-ordføraren.
Han reiser spørsmål om staten heller bør ta over ansvaret for ferjedrifta.

Fedjesambandet får elektrisk ferje
– Vedtak på sviktande grunnlag
Ordførarane meiner fylkespolitikarane ikkje hadde god nok oversikt over kostnadane då dei for tre år sidan vedtok dei nye retningslinjene for reiarlaga som mellom anna krev at dei nye ferjene skulle vera elektriske og miljøvennlege. Ifylgje ordførarane har kostnadane no blitt høgare enn inntektene ved denne satsinga, trass hundretalsmillionar kroner i støtte.
– Det er skandaløst at fylkestinget bestemde seg for å elektrifisera ferjene utan at det blei kjent kor mykje det ville kosta, seier ordførar i Austevoll, Morten Storebø (H) til avisa.

Elferje-kluss gav dei over ein million i pluss
Skuldar på regjeringa
Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) avviser kritikken frå ordførarane.
– Ferjeflåten vår var gammal, og det var heilt avgjerande at vi fornya den. I ettertid har vi fått mykje skryt for arbeidet, og eg er stolt av den omstillinga vi har gjort, seier ho.
Ho meiner pengemangelen er ei følgje av at dei ikkje har fått nok statsstøtte, og kritiserer regjeringa for ikkje å følgja opp.
Ifylgje avisa må Hordaland fylke spara 93 millionar kroner på budsjettet for nesten år. Det er venta at mykje av innsparingane truleg må skje på samferdselsbudsjettet.
Konstituert direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstrabø seier at det enno er for tidleg å seia kor mykje dei må spara og om det blir kutt i ferjetilbodet.

Hordaland får 140 millioner til klimavennlige ferger