På nyåret starta det offisielle arbeidet med ein ny dramaserie produsert av Mothership Entertainment for NRK Super.

Serien er retta mot ungdom, og handlinga føregår på ein fiktiv stad på Vestlandet.

Produsent Linda Bolstad fortel at det bergensetablerte produksjonsselskapet var raske med å kaste seg rundt då NRK etterlyste ungdomsseriar med handling utanfor Austlandet.

– Vi opplever at det er mykje Oslo-basert som kjem på kanalane, og synest det er forfriskande å kunne legge det til Vestlandet, seier ho til avisa.

«Location scouting» på Meland

Den fiktive staden har dei kalla Vesterøy. Ifølge Bolstad ønsker dei ikkje å forplikte seg til ein enkelt stad under innspelinga.

– Vi har dikta det opp for å gi oss fleire geografiske moglegheiter. Det er mange fine stader på Vestlandet som vi ønsker å vise fram.

Så langt er serien framleis i startfasen, men produksjonsteamet har allereie besøkt fleire stader dei ser på som aktuelle, blant anna i Nordhordland.

– Vi gjorde nyleg ein «location scouting» på Meland. Der var det mange fine stader som vi ønsker å legge til i forslaga.

Bolstad fortel at både kaier i området og innandørs kunstgrasbane på Frekhaug er potensielle lokalitetar. Dei jaktar dessutan også på eit fasjonabelt hus.

– Det kan anten vere eit gammalt hus i ein staseleg stil, eller eit veldig nytt og moderne hus, for eksempel ein kjempestilig funkisvilla. Så det skal vi ut og kikke etter i Nordhordland.

Produsenten fortel at dei har fått god hjelp frå hyggelege nordhordlendingar undervegs.

– Det set vi veldig pris på.

Vil ha tenåringar med dialekt

Mothership Entertainment har starta jakta etter skodespelarar til serien. Bolstad seier at dei er ute etter ungdom mellom 14 og 19 år, med eller utan erfaring, og med alle etnisitetar. Det viktigaste er at det er ungdom med dialekt - gjerne ein stril.

– Det blir ein prosess. Det er ganske mange ulike dialekter rundt om, men det er stort sett nokon fellesnemnarar i alle dialektene utanfor Bergen.

Så langt har dei fått inn 140 søknadar frå jenter som kunne tenke seg å vere med i serien. Det er derimot ikkje eit like stort engasjement når det kjem til gutane.

– Vi vil ha endå meir frå gutar!, seier Bolstad.

Ho understrekar at planlegginga av serien er heilt i startfasen, og at det difor ikkje er nokon garanti for at den kjem i produksjon. Planen er likevel å kunne tilby ein serie med og for ungdom.