Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre sa torsdag ja til byvekstavtalen. Gjennom gode politiske prosessar, og grundige vurderingar har partia kome fram til at byvekstavtalen samla sett gjev ei betre løysing for heile kommunen vår enn å ikkje gå inn på avtalen. Norge har forplikta seg til internasjonale klimaavtalar. Byvekstavtalen eit verktøy for å nå måla som Norge har forplikta seg til.
Avtalen vil gje Alver kommune eit betre kollektivtilbod og reduserte billettprisar som kjem alle til gode. I vedtaket som vart gjort i kommunestyret i torsdag har vi lagt til grunn at auka ruteproduksjon og reduserte prisar på kollektivreiser skal koma heile avtaleområdet til gode, og ikkje berre i Bergen kommune. Skal nullvekstmålet nåast, er det avgjerande med eit godt og rimeleg kollektivtilbod i heile avtaleområdet.
Sp, Ap, KrF og H meiner at busstilbodet må styrkast også i distrikta/bygdene, at snøggbåtsambandet Knarvik – Frekhaug – Bergen må ha same takstnivå som buss, at rutefrekvensen på dette snøggbåtsambandet må aukast og at det bør opprettast ringbussrute i området Alversund – Knarvik - Frekhaug. Avtalen legg opp til eit samarbeid rundt kollektivtilbodet, og Alver får ein plass rundt bordet. Den plassen vil vi bruke til å kjempe for eit best mogleg kollektivtilbod for heile kommunen vår.
I avtaleperioden får Alver kommune 352 mill. statlege midlar til tiltak som skal bidra til at vi oppnår nullvekstmålet. Tiltak kan til dømes vere gang og sykkelvegar langs vegane våre, eller innfartsparkering som legg til rette for at fleire kan reise kollektivt. Eit nei til byvekstavtalen ville vore eit nei til mange gode prosjekt, og nei til den statlege finansieringa.
Gjennom forhandlingane og den offentlege debatten har det vore eit sterkt fokus på arealpolitikken, og kva dette vil ha å seie for utviklinga av Alver kommune. Faktum er at avtalen ikkje fører med seg nye avgrensingar på kommunen sin arealpolitkk. Gjeldande lovverk, statlege og regionale føresegner og planar ligg der uansett byvekstavtale.
Dei vedtekne kommuneplanane i Lindås, Meland og Radøy gjeld til ny nye planar vert vedtekne for Alver kommune. Sp, Ap, KrF og H legg til grunn at strukturen for bustadbygging i gjeldande kommuneplanar er innafor intensjonen til byvekstavtalen og øvrige styringsdokument, og kan følgjast ved arbeidet med ny kommuneplan. I arbeidet med ny kommuneplan for Alver kommune vil vi utvikle heile Alver kommune.
Trafikken skal teljast ved å bruke reisevaneundersøkingar og ved teljepunkt langs vegane, og heile avtaleområdet skal sjåast i eitt. Det betyr at det er rom for å auke trafikk nokre plassar, som til dømes i distrikta, og ta ned trafikken i andre områder.
Samla sett gjev avtalen rom for auka biltrafikk i distrikta, den gjev oss moglegheit til å leggje til rette for innfartsparkering og betre kollektivtilbod som kjem alle til gode. No vert det viktig med ei tydeleg folkevald styring på korleis tiltaka og midlane skal prioriterast!
Vi ønskjer at Alver kommune skal vere med å bidra til å få ned klimagassutsleppa. Vi ønskjer at Alver kommune skal vere framoverlent og vere med på dette samarbeidet. Vi skal fortsetje for å utvikle heile kommunen og vi skal ta heile kommunen i bruk – ein byvekstavtale hindrar oss ikkje i det!
Venleg helsing,
Sara Hamre Sekkingstad
ordførar i Alver, på vegner av Alver Sp, Alver Ap, Alver KrF og Alver H
Her blir trafikken i Alver målt: No vil målingane bli brukt i byvekstavtalen

Byvekstavtalen gir Alver 320 millionar kroner: Desse prosjekta er aktuelle

No er det avgjort: Alver kommune går inn i byvekstavtalen

No har styringspartia i Alver bestemt seg: Slik har dei sikra fleirtal for byvekstavtalen

FNB Alver med uortodoks annonse: – Vi ønskjer å vekke følelsar
Desse punkta har Alver forhandla seg fram til: – Burde ha vore tydelegare på kva vi har fått til

Slik stiller dei fire styringspartia i Alver seg til byvekstavtalen: – Forstår ikkje kor skepsisen kjem frå

Baste Tveito til BA: – Folk blir rasande når dei viser slike bilder og snakkar mot parkering

Ufint og kritikkverdig av Lars Sponheim: Alver-politikarane fortener ei kollektiv orsaking

Ikkje heilt nøgd etter møtet om Byvekstavtalen: – Pisken er der om ein ikkje går inn i avtalen

Sponheim kallar Alver kommune «uprofesjonell» om dei ikkje vedtar byvekstavtalen
