Avisa Nordhordland har tidlegare laga sak om Isak (10) og hans Stolpejakt-historie.

– Han likte ikkje tur og sat seg ned kvar 50 meter me gjekk. Men så begynte me å jakte stolpar og då kom konkurranseinstinktet, fortel mor til Isak, Pia Sjursen-Daae.

Sjursen-Daae fortel at Isak synast det er kjempe kjekt at han vann og at det var prikken over i-en etter ein flott sommarferie med mange flotte turar.

Du kan lese heile saka om Isak her:

Avisa Nordhordland vil takke alle som har sendt inn flotte bilda. Det har vore vanskeleg å trekke vinnarar då kvar og ein av dykk har sendt inn vinnarbilde! Me ønskjer dykk alle masse lykke til vidare med Stolpejakten!

Her kan du lese om alle Stolpejakt-vinnarane: