– Kjekt å snakka norsk

FEKK NORSKKURS: Rumenske Iosef Szamboti (t.v.) fekk tilbod om gratis norskkurs. – Det er morosamt å koma på jobb og visa kva ein har lært.  foto: Irene b. jenssen

FEKK NORSKKURS: Rumenske Iosef Szamboti (t.v.) fekk tilbod om gratis norskkurs. – Det er morosamt å koma på jobb og visa kva ein har lært. foto: Irene b. jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Nordmenn er mykje hyggelegare no når eg kan prata norsk til dei, seier rumenske Iosef Szamboti.

DEL

Sidan september har Nordhordland Handverk – og Industrilag (NHIL) hatt eit samarbeid med Lindås Læringssenter om gjennomføring av norskkurs for utanlandske arbeidstakarar i sine medlemsbedrifter.


Interessa frå bedriftene var stor og 44 personar starta på kurs i haust. No nærmar kurset seg sluttfasen, og etter eit halvt år har deltakarane vorte mykje betre i norsk.

– Flott vi fekk tilbodet

På Sagstad Kassefabrikk begynte tre av deira utanlandske tilsette på kurset, på sjefen si rekning.


– Eg synest det har vore kjekt å gå på kurs for å læra norsk, spesielt sidan eg ikkje måtta betala for det sjølv. Sjefen betaler, ler Iosef, medan han skottar bort på eigaren, Trygve Sagstad, og smiler lurt.

LES OGSÅ: – Deilig å vera dansk i Norge


– Det er flott at vi fekk dette tilbodet, seier Iosef, som er frå Romania. Han har jobba på Sagstad Kassefabrikk i 6 år.

Kunne ingenting frå før

Sjølv om Iosef har budd og jobba i Norge i fleire år, kunne han ikkje eit einaste ord norsk. No, etter seks månader på norskkurs, kan han føra ein samtale, og har også lært å skriva.


– Eg har lært mykje, og eg synest det er spesielt kjekt å kunne skriva, seier han.
Sidan kursa har vore kvar onsdag kveld, har lunsjpausane på Sagstad Kassefabrikk på torsdagane vorte brukt til å praktisera norsk.


– Det er morosamt å koma på jobb og visa kva ein har lært. Nye ord og setningar, seier han.

– Stor forskjell

Eigar på kassefabrikken, Trygve Sagstad, er glad for at han valde å tilby sine rumenske arbeidarar språkkurs.


– Det har vore ein suksess, eg høyrer tydeleg forskjell! Dei har vorte veldig flinke til å prata norsk, seier han.

LES OGSÅ: Thailandske Nussanat og dottera Jenjira elskar dei norske årstidene: Dyrkar grønsaker i hagen


Sjølv om det nokre gonger er enkelt å ty til engelsk, prøver Sagstad å prata mest mogleg norsk.


– Det er både viktig og bra at dei får praktisert språket mest mogleg.


Det er ikkje klart om NHIL skal arrangera fleire kurs i samarbeid med Lindås Læringssenter, men dei vurderer eit nytt kurs, viss interessa er stor.


– Eg er positiv til å senda mine tilsette på fleire kurs, det er bra for både bedrifta og arbeidsmiljøet, seier Sagstad.

Artikkeltags